Marxist-leninistisk tidsskrift og nettmagasin

Frigjeringsjubileet 1944–2024 i den kalde krigen sin skugge

Minnesmerket over falne sovjetiske soldater i Kirkenes. CC BY-NC-ND jechstraMinnesmerket over falne sovjetiske soldater i Kirkenes. Historiefrisørene vil ha slike monumenter vekk. CC BY-NC-ND jechstra

I staden for å nytte høvet til dialog og avspenning, gjer norske styresmakter det motsette.

I år er det 80 år sidan den fyrste delen av Noreg vart frigjort frå Nazi-Tyskland sin okkupasjon. Den 18 oktober 1944 gjekk dei fyrste soldatane frå den sovjetiske raude hær inn i Aust-Finnmark og jaga dei tyske soldatane vestover i fylket, og erobra eit brennande Kirkenes etter harde kampar den 25. oktober. Denne viktige hendinga i norsk krigshistorie har vorte markert kvart år med deltaking av representantar frå både det offisielle Noreg og Russland, men no ved 80-årsjubileet let dette til å verta endra.

Vendepunkt i aust

Grunnlaget for frigjeringa av Aust-Finnmark hausten 1944 vart lagt ved vendepunktet i verdskrigen i Europa, fyrst ved slaget om Stalingrad (august 1942 – februar 1943), og så ved det store slaget ved Kursk i juli og august 1944. Etter dette vart Tyskland sine troppar pressa på defensiven stadig lenger vestover ut or Sovjetunionen og Aust-Europa. Dette gjaldt då etterkvart òg ved det nordlegaste frontavsnittet under krigen, ved Murmansk-fronten, som m.a. gjekk langs Litsa-elva på Kola-halvøya i Sovjetunionen. På dette frontavsnittet hadde tyske og finske troppar freista hærta Murmansk by sidan 1941, utan å lukkast. Då sovjetiske styrkar gjekk til motoffensiv her hausten 1944 hadde dei allereie sidan hausten 1940 vore i kontakt med folk i Finnmark som vart trente i motstandsarbeid som informantar og partisanar. I alt 200 sivile finnmarkingar tok del i slik verksemd hausten 1944, og omlag 65 av desse hadde fått militær trening inne i Sovjetunionen. Blant desse var Dagny Sibblund og Trygve Eriksen, som forut for den sovjetiske offensiven inn i Finnmark vart sluppe i fallskjerm djupt inne bak dei tyske linene. Dagny Sibblund vart slik den fyrste kvinnelege fallskjermhopparen i Noreg.

Nazi-Tyskland hadde ved Sovjetunionen sin motoffensiv om lag 200   000 soldatar langs Murmansk-fronten. Då Raudehæren rykka fram vart det maktpåliggjande for Tyskland å berga flest mogleg av desse soldatane for bruk på andre frontavsnitt, samt freista hindra den sovjetiske framrykkinga så lenge som mogleg. Hitler og tyske okkupasjonsmakta i Noreg sendte då ut ei såkalla førarbefaling om at alle hus og bygningar i heile Finnmark og nordlege Troms aust for Lyngen skulle brennast ned, vegar og bruar øydeleggjast og folket i området tvangs-evakuerast. Det sto i denne ordren omsett til norsk; «Medlidenhet med befolkningen er ikke på sin plass». Slik vart så godt som alle hus og bygningar i Finnmark og Nord-Troms brente ned, og 50 000 folk frå fylka jaga sørover. Nokre unngjekk den tyske ordren ved å gøyma seg i huler og gruvegangar, m.a. innpå 4 000 menneske som gøymde seg i gruvegangane ved Bjørnevatn, om lag 10 km sør for Kirkenes. Der dukka soldatar frå Den raude hær opp saman med nokre få norske partisanar natta den 25 oktober og sa: «De er frie, heis det norske flagget.» Den sovjetiske framrykkinga i Finnmark varte fram til 8 november, da styrkane hadde nådd fram til Tanaelva. Resten av Noreg vart som kjent fyrst frigjort 8 mai 1945.

Ein høg pris for SSSR

Frigjeringa av områda vest for Litsa-elva og Aust-Finnmark kom med ein høg pris for Sovjetunionen, då i underkant av 16 000 soldatar døydde eller vart såra under dette felttoget. Dei fleste rett nok på sovjetisk side av grensa.

Det er desse store ofra og frigjeringa av det fyrste området av Noreg under andre verdskrigen som har vore grunnen til dei felles norsk-russiske feiringane i Kirkenes. Det har vore kransnedleggjingar, talar og vitjing av tilreisande norske og sovjetiske, seinare russiske, dignitærar ved det 2,5 meter høge frigjeringsmonumentet i bronse av ein sovjetisk soldat som står på Haganeshaugen i Kirkenes.

Retusjering av historia

Etter Russland sin folkerettsstridige invasjon i Ukraina i februar 2022 har feiringa av frigjeringa av denne delen av Noreg igjen vorte prega av politisk strid meire enn av feiring av ei viktig historisk hending. Dette i så stor grad at den nye fylkesordføraren i Finnmark, Hans-Jacob Bønå frå Høgre, ikkje vil ha offisielle representantar frå Russland til stades under 80 årsjubileet i år, men i staden har invitert Ukraina sin president Volodymyr Zelensky. Dette formelt som ein ytterlegare protest mot det russiske åtaket på Ukraina, for å syna solidaritet med landet, samt av di ein del av dei sovjetiske soldatane som frigjorde Aust-Finnmark var frå Ukraina. I etterkant av dette har ordføraren i Vardø, Tor-Erik Labahå frå Senterpartiet, teke til orde for at tre minnesmerke som er reiste i kommunen på russisk initiativ i perioden 2011–2018 til minne om Finnmark-partisanene sin krigsinnsats, skal demolerast og fjernast. Grunnlaget for dette framlegget er påstand om at representantar frå russiske etterretningsorgan og styresmakter nyttar desse minnesmerka til å reisa ikring i kommunen på etterretningsoppdrag og etablera kontakt med norske statsborgarar.

Fjerning av monument, historiske minnesmerke og gatenamn er noko som dei seinaste tiåra har gått føre seg i stor skala i ulike delar av verda. Dette særleg i Aust-Europa kor statuar og namn frå Sovjet-tida har vorte fjerna. I det siste tiåret har dette i høg grad òg vore tilfellet i Ukraina. Her har ikkje berre «Internasjonalen», raude flagg og alle opposisjonsparti vorte forbode, men minnesmerke og namn både frå den sams historiske tida med Russland og frå Sovjetepoken har vorte fjerna. Desse minnesmerke og gatenamna har for ein del vorte erstatta med namn og monument som hyllar fascistar og nazi-kollaboratørar som Stephan Bandera og Roman Sjukhevitsj.

Vil auke spenninga

Det er rett og naudsynt å ta avstand frå russisk imperialisme, folkerettsbrot og invasjonen av Ukraina. Samstundes er det rett og naudsynt å ta avstand frå amerikansk og annan vestleg imperialisme, som det norske imperialistiske borgerskapet er aktiv og entusiastisk del av, og som i stadig sterkare grad og er tilstades i Ukraina og i krigen der.

Det er denne imperialistblokka som no er det største trugsmålet mot verdsfreden. Gjennom medlemskapen i NATO og dei amerikanske og andre allierte militærbasane her i landet vert Noreg eit opplagt mål ved ein krig mellom USA og Russland / Kina. Det er nett konflikten mellom vestleg og russisk imperialisme som striden kring 80-årsjubileet for frigjeringa av Aust-Finnmark og monumenta der er uttrykk for.

I denne konflikten kjem viktige historiske hendingar og røynlege norske nasjonale interesse for fred og avspenning totalt i bakgrunnen. Fred og avspenning ville sjølvsagt òg vera i interessa til arbeidarklassen og folka i Russland og Ukraina og i verda elles. Noreg og Russland har felles grense og forvaltar felles fiskeriressursar i nord, og det ville soleis vera i norsk interesse å arbeida for avspenning i høve Russland. Men det imperialistiske verdssystemet står i vegen for dette, då det uvegerleg fører til krig, og ikkje til fred og avspenning.

Artikkelen er hentet fra Revolusjon nr. 65, høsten 2024.

Se også

Vi oppgraderer nettsidene. I en overgangsperiode kan det skje endringer i menybildet og det visuelle uttrykket. 

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.