Marxist-leninistisk tidsskrift og nettmagasin

 Minnesmerket over de falne sovjetsoldatene i Kirkenes. CC BY-NC-ND JECHSTRAMinnesmerket over de falne sovjetsoldatene i Kirkenes. CC BY-NC-ND JECHSTRA

7. oktober 1944 starta offensiven som skulle føre til frigjeringa av Finnmark.

Denne dagen begynte tyskarane sin tilbaketrekking frå Kola-halvøya og Nord-Finland og ned til Lyngen-området. Dette skjedde etter vedvarande angrep frå dei sovjetiske styrkane. Den raude hæren kryssa den norske grensa og erobra Kirkenes 25. oktober. Dette var starten på frigjeringa av dei norske områda i nord.

75 år er gått sidan denne viktige hendinga i norsk historie. Dette skal sjølvsagt feirast, men det skjer i ein atmosfære der Sovjetunionen si rolle skal tonast ned. Den russiske presidenten er ikkje invitert til jubileet.

Vi kan likevel ikkje underslå dei historiske realitetar. Det var Sovjetunionen og Den raude hær som betalte den største prisen i kampen mot nazismen. 26 millionar menneske i Sovjet mista livet under 2. verdskrigen, tre firedelar av Tyskland sine tap var påført dei av Den raude armeen. Det var Raudehæren som til slutt frigjorde Finnmark utan hjelp frå andre allierte land. Dei regulære norske styrkane kom først på plass etter at frigjeringa av desse områda var eit faktum. I november 1944 kom 260 norske soldatar frå England til Kirkenes.

Dei einaste som ytte militær hjelp til russarane var dei kommunistiske partisanane i Aust-Finnmark. Likevel har partisanane fått liten eller ingen hyllest og ære for sin innsats. Årsaka var deira samarbeid med Sovjet-unionen.

Då frigjeringa av Finnmark var sluttført trakk den Den raude hær seg tilbake utan å stille noko vilkår. 2122 sovjetiske soldatar mista livet under operasjonen.

Den norske regjeringa har stilt krav for å invitere president Putin til frigjeringsjubileet. «Han må gjere seg fortent til invitasjon», seier forsvarsminister Bakke-Jensen til Klassekampen 13. august 2018.

Skamlaus uttale

Denne meiningslause uttalen fortel om ei regjering som ikkje lyttar til folket i Finnmark, men som med sin opptreden forverrar forholdet til vår nabo i aust. Den manglar moral og hoppar over dei historiske realitetane ved 75 års-jubileet.

Russland vil bli representert ved jubileet med sin utanriksminister Lavrov. På grunn av den nazistiske okkupasjonen veit folk i Finnmark kva krig fører med seg av liding og undertrykking. Og dei har eit takknemleg forhold til vår nabo i aust.
Dei har vore aktive i oppbygging av folk til folk-samarbeidet og har vore føregangsmenn og -kvinner på å sjå forholdet mellom aust og vest i nye perspektiv. Det tyder først og fremst å normalisere forholdet til Russland, stikk i strid med den aukande polariseringa som NATO står for.

Første skritt er å nytte 75 års-jubileet til å vise respekt og takksemd til Den raude hær for innsatsen i frigjeringa av Finnmark. Og ikkje minst endeleg å vise partisanane den verdigheit og respekt dei faktisk har krav på. Deira kamp mot nazismen var avgjerande for at Norge blei fritt.

Vi oppgraderer nettsidene. I en overgangsperiode kan det skje endringer i menybildet og det visuelle uttrykket. 

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.