I eit taktisk spel opp mot Ap-landsmøtet, LO-kongressen og stortingsvalet, har statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre pressa Senterpartiet ut av regjeringskoalisjonen. Ved å tvinga gjennom tre av direktiva i EU si fjerde energimarknadspakke i EØS-avtala demonstrerer Støre sin EU-lojalitet samstundes som han vil parkere intern opposisjon og disiplinere Fellesforbundet.
Planen er at resten av pakka kjem etter valet til hausten, anten med Høgre eller Ap som pådrivar. Senterpartiet hadde ikke anna val enn å bryte ut om ikkje partiet skulle miste enno fleire veljarar.
Lovnader om at marknadsreglene i fjerde energimarkedspakke ikkje skal innførast og at EU «vil forstå» dette, er reint skuebrød. Ap sitt «nye grep» om fastprisavtaler for straum rører ikkje ved marknaden, men tyder berre at skattebetalarane framleis må subsidiere kraftspekulantane.
Eitt av dei tre direktiva er Fornybardirektivet som m.a. undergrev kommunane sin vetorett og overkøyrer lokaldemokratiet ved å stilla krav til kortare sakshandsamingstid når det gjeld vindkraftutbyggjing. Direktivet i nyaste versjon tyder i praksis eit krav om tre nye utanlandskablar frå Noreg.
Bakteppet for denne prosessen er press og trugsmål framsett offentleg av EU sin energikommissær. Energimarknadspakka vil òg gje EU sitt energibyrå Acer auka rådvelde over den norske energipolitikken og knyta straummarknaden her i landet tettare opp til den dysfunksjonelle europeiske kraftmarknaden.
Hyppige straumprissjokk, særleg i Sør- og Sørvest-Noreg, råkar ikkje berre folk flest, men òg industri og arbeidsplassar. Difor slåss einskilde kommuner samt fagrørsla imot verknadene av dette urettvise kraftregimet.
Fellesforbundet vedtok på sitt landsmøte i 2023 at det er naudsynt å «ta et oppgjør med dagens markedsbaserte kraftregime». Dette er eit heilt sentralt krav. Fellesforbundet står ikkje åleine i motstanden mot Acer og det marknadsstyrte kraftregimet. Store folkelege organisasjonar som t.d. Motvind og Nei til EU held fram med å mobilisera mot ein energipolitikk som er vendt imot eige folk.
Kampen mot energipakkane frå EU og mot fornying av Danmarks-kablane er viktig, og den held fram. For å vinne attende full kontroll og sikra rimelege kraftpriser som ikkje overstig produksjonsprisen (12 kWh) pluss påslag og ei nettleie til å leva med, må kravet vera at straumen skal vera samfunnsmessig infrastruktur og ikkje ei vare for kjøp og sal. Difor må vi krevja: Straumen ut av marknaden!
Kommunistisk plattfom, 31. januar 2025