Landsmøtet i Kommunistisk plattform slog fast at den økonomiske krisa nå for alvor har nådd Noreg. Nedleggingar, oppseiingar og raskt stigande arbeidsløyse er mellom dei mest synbare resultata.
Berre å kjempa imot åtak og forverringar er ikkje nok. Det er òg naudsynt med eit revolusjonært og sosialistisk perspektiv.
Medan kapitalismen syner seg ute av stand til anna enn å bryta ned og øydeleggje liva våre, ser me ei sterkt svekka venstresida i Noreg og over heile Europa – som heilt har slutta tala om sosialisme.
Sokalla venstreradikale organisasjonar si tenkning går i stadig mindre grad utanom dei ideologiske råmene og dei vedtekne sanningane i det borgarlege samfunnet. Dei tradisjonelle «venstrepartia» tapar då og oppslutning både i påverknadskraft, medlemstal og val.
«Det gjeld for kommunistar og revolusjonære å utfordra dei vedtekne sanningane og syna vegen fram mot sosialismen på vegen til det klasselause kommunistiske samfunnet», heiter det mellom anna i den politiske og organisatoriske landsmøtemeldinga som vart drøfta av delegatane.
Landsmøtet slo fast at organisasjonen er på rett kurs og vinn innpass hjå nye folk fleire stader i landet. Men han er framleis liten og treng å styrke og synleggjere seg på ei rekke områder, særskilt i høve til arbeidarklassen og i den faglige kampen.
Gode drøftingar og analyser vitna om høg politisk og ideologisk einskap. Det gjaldt òg ved vala av kameratar til leiande tillitsverv i organisasjonen.
Landsmøtet vedtok desse politiske fråsegnene: