kpml150

NATO blei stifta 4 april 1949 og er i år 70 år.  Eit jubileum som allianselanda grundig har markert.

Norge er  auge og øyre og ein viktig lyttepost mot Russland i nordområda. NATO er årsaka til det nye våpenkappløpet og ein garantist for atomvåpna sin eksistens. Dei rustar til krig og er dermed det største trugsmålet mot freden i Europa og Norden.

Uttale frå landsmøtet i Kommunistisk plattform, april 2019

Den norske regjeringa har gitt basar til US Marine på Værnes ved Trondheim og på Setermoen i Indre Troms. Rygge Flyplass ved Moss er utpeika som base for det amerikanske flyvåpen i tilfelle av konflikt med Russland. USA har i lengre tid førehandslagra store mengder våpen og militært utstyr i Norge. Alt dette er dramatiske brot på den norske basepolitikken frå 1949 - «Ingen baser for fremmede makters stidskrefter på norsk territorium så lenge Norge ikke er angrepet eller utsatt for trussel om angrep».
Det som har skjedd er angrep på norsk suverenitet. Dei utanlandske styrkane i Norge er underlagt Pentagon, ikkje norsk kommando. Dette er ingen tryggingspolitikk, men derimot aukar det faren for at Norge blir eit krigsområde.
Alt dette har det blitt organisert protestar mot, men ikkje nok til å stoppe det.

Vi følgjer lydig USA og NATO sine diktat i internasjonale spørsmål.

Norge framstår som ein stadig meir aggressiv aktør i NATO. Den store øvinga Trident Juncture hausten 2018 var eit godt døme på det.
Vi følgjer lydig USA og NATO sine diktat i internasjonale spørsmål.
NATO har førstebruk av atomvåpen i sin doktrine og det hindrar Norge i å støtte forbodet mot slike våpen - ei avtale som blei forhandla fram i FN sommaren 2017. Regjeringspartia og AP vil ikkje høyre snakk om at vi skal trasse NATO ved å gje vår tilslutning til denne avtala.

For alle som ynskjer fred og ei framtid utan trugsmål om krig er det naudsynt å stille følgjande krav:

OPPLØYS KRIGSALLIANSEN!
NORGE UT AV NATO!

Kommunistisk Plattform (marxist-leninistene) våren 2019

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.