Tidsskriftet  «Revolusjon» har i nummer 49 ein artikkel om den peruanske gruppa Sendero Luminoso. På norsk kjent under namnet «Lysende Sti». Artikkelen frå Perus kommunistiske Parti avslører gruppa som ei kontrarevolusjonær kraft som fungerer som verktøy for imperialismen.

Eg vil tilrå å studere artikkelen fordi den gjev eit godt innblikk i kva blindspor senderistane representerer og kva fatale konsekvensar det har fått for folket i Peru. Og ikkje minst fordi det er krefter i Norge som gjev støtte til  Sendero Luminoso.

Kva står Sendero Luminoso for?

Gruppa baserer sin ideologi på maoismen-gonzalos tenking, etter leiaren Abimael Guzmán (formann Gonzalo). Ein mann som omtalar seg som kommunismens fjerde sverd, etter Marx, Lenin og Mao. Med dette som ballast starta dei væpna kamp for å frigjere Peru frå kapitalismen tidleg på 1980 talet. Forholda i Peru var elendige og ein skulle tru at alt låg til rette for eit vellukka opprør. Men Sendero Luminoso hadde ikkje noko analyse av forholda i landet og fatale feil i vurderinga av den væpna kampen gjorde at senderistane blei meir og meir pressa. Det gjekk ikkje lenge før dei stod fram som ein rein terrorgruppe som utførte drap på fagforeiningsfolk, bondeleiarar og aktivistar som var mot deira kamp.

Aktiviteten til Sendero Luminoso fall saman utover 1990-talet. Sjølv hevdar dei at undertrykkinga frå statsapparatet var årsaka. Men ein vel så viktig grunn er nok den manglande folkelege støtta og den åleinegangen som har kjenneteikna deira aksjonar.

Sendero Luminoso har aldri godteke omgrepet venstreside og var ikkje villig til å samarbeide med andre. Likevel har statsmakta i Peru nytta høve til å slå ned all opposisjon og sosiale rørsler i ly av krigen mot Sendero Luminoso.

Den verdskjente forfattaren Santiago Roncaglio seier at Peru er «blitt et dypt konservativt, et håpløst konservativt land etter krigen mot senderistene». Og senderistane har med sine forstokka teoriar bidrege sterkt til at folket har eit anstrengt forhold til alt som kan kallast sosialistisk politikk og folkeleg organisering.

Sendero Luminoso har òg gjennom krigen vore aktive i kampen mot folkets eigne klasseorganisasjonar. Mord på leiarar i desse organisasjonane har vore eit verkemiddel for å tvinge fram støtte til senderistane.

Dei har òg gjort seg skuldige i å øydelegge bondesamfunn gjennom drap på innbyggarane og tvinge fram flukt frå landsbygda. Dette har igjen gjort det lettare for imperialismen å trenge inn i desse områda med sine gruvekonsesjonar.

Ei kontrarevolusjonær kraft

kister ofre for sendero lucanamarca69 bønder ble drept av Sendero Luminoso i Lucanamarca i 1983.Vi kan med rette seie at Sendero Luminoso er ei kontrarevolusjonær rørsle og ein reiskap for imperialismen. Dei har fjerna motstandarar gjennom attentat mot folk og oppløysing av organisasjonane til bønder og arbeidarar. Dimed har dei gjort folkeleg organisering vanskeleg og bana veien for imperialismen. Sendero Luminoso har gjennomført sabotasjehandlingar som var utan mål og meining frå eit militært synspunkt. Til dømes å øydelegge kommunale komitear for fattige, sprenging av helsestasjonar, bruer og kraftverk i små landsbyar. Ikkje minst å øydelegge avlingar, sabotere veibygging og å øydelegge fabrikkar i små bondesamfunn. Dette er ikkje noko anna enn rein terrorisme og har lite med revolusjonært arbeid å gjere.

Dei gjennomførte og massakre og bombeangrep på sivile i hovedstaden Lima både i 1996 og 1997.

I Peru er det dei siste åra reist krav om at dei ansvarlege for overgrepa mot folket må straffast. Desse krava går òg til Sendero Luminoso og dei fortenar vår støtte.

Sendero Luminoso er eit bindspor

Ein revolusjon kan aldri lukkast ved å tvinge bønder og arbeidarar til å delta. Revolusjonær handling må stamme frå det langvarige politiske arbeidet med moblisering, politisk organisering og skolering av folkemassane. Dette må skje under leiing av det kommunistiske partiet og med støtte frå arbeidarklassa og deira allierte, bøndene.

Som Lenin seier i «Marxisme og oppstand»:

«For å ha framgang må oppstanden ikke bygge på en sammensvergelse og ikke på et parti, men på den framskredne klasse. Det er det første punkt. Oppstanden må bygge på en revolusjonær folkereising. Det er det annet punkt.»

Vi må slå fast at Sendero Luminoso ikkje er eit kommunistisk parti. Dei har gjennom sin åleinegang i aksjonar klart å støte folk frå seg. Med dei konsekvensane det har fått for folket i Peru. Dette er fjernt frå marxismen-leninismen.

Sendero Luminoso og focoismen

Focoisme er nok eit ukjent begrep for dei fleste. Men ordet «foco» tyder kjerne, gnist eller fokus. Ideen bak teorien om focoismen er at eit parti eller gruppe skal vere startmotor for revolusjon og opprør. Når så dei objektive forholda eventuelt skulle ligge til rette er det nok med ein liten fortropp for å starte opprør, utan at det er gjort langvarig politisk arbeid på førehand.

Foco-teorien og andre typer revolusjonsromantikk har i tidlegare perioder hatt stor påverknad, særleg i Latin-Amerika, men òg i Europa. I vår del av verda kjenner vi igjen avleggarar av desse teoriane frå mellom anna RAF i Tyskland og Røde Brigader i Italia. Sendero Luminoso hevdar dei sjølv har teke oppgjer med denne retninga, men oppgjeret stikk neppe særleg djupt. Det er nok å sjå på deira praksis.

Dersom senderistane hadde jobba tett saman med folket hadde dei kunne gått vidare med opprøret. I staden retta dei fokus mot å øydelegge alt og alle som stod mot dei. Det førte til meiningslause overgrep mot vanlege folk og dermed smuldra det som måtte vere av støtte bort. Som Lenin lærer oss så må eit parti eller rørsle bygge sin eksistens på støtte frå folk og dei må strekke seg langt for å møte behova som folk måtte ha.

I Noreg har revolusjonsromantikk og idear som støtter opp under «revolusjonær» terrorverksemd aldri hatt oppslutnad. Men i einskilde miljø som kallar seg revolusjonære, ser vi at det innimellom dukkar opp idyllisering av terrorisme som lekk i revolusjonær kamp. Difor er det støtt naudsynt å åtvara mot slike kontrarevolusjonære idear.

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.