tirsdag 4 august 2020

Fråsegn frå sommarleiren:

Den kapitalistiske systemkrisa og attreisinga av eit kommunistisk parti var tema då kommunistar fra Aust- og Vestlandet var samla til sommarseminar ein stad i Rogaland i slutten av august. Kommunistisk gruppe i Bergen, Noregs Kommunistiske Studentforbund, ML-gruppa Revolusjon og Kommunistisk plattform var alle representerte.

Gode innleiingar og ordskifte synte stor grad av einskap i viktige spørsmål og vilje til samhandling.

Systemkrisa ytrer seg m.a. i form av veksande arbeidsløyse, fattigdom, rasisme og miljøvandalisme. Med profitt som drivkraft vil øydeleggjinga av miljø og klima halde fram. Vi ser og ein stadig meir aggressiv norsk imperialisme, som driv økonomisk og militært felttog mot andre folk og nasjonar.

Borgarskapet hevdar no at krisa er over, men vi meiner at vi berre har sett dei fyrste verknadene. I mellomtida ser vi katastrofale fylgjer for folk i Noreg og elles i verda. Det er berre éin verkeleg veg ut av krisa: revolusjon, der arbeidarklassen og deira allierte skipar sin eigen stat, med det klasselause kommunistiske samfunnet som det endelege målet.

Det er semje om å vidareføre og utvikle samarbeidet, gjennom felles politiske utspel. Vi inviterer til eit nytt seminar i januar 2010.

Rogaland, august 2009