25 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

 Dei to redaktørane Aslak Storaker og Jan R. Steinholt kunne seia seg godt nøgde med frammøtet. Foto: RevolusjonDei to redaktørane Aslak Storaker og Jan R. Steinholt kunne seia seg godt nøgde med frammøtet. Foto: Revolusjon

Lenin er meir populær i dagens Noreg enn ein skulle tru! Møtet som KPml arrangerte vart stappfullt langt utover dei det var stolar til.

Kommunistisk plattform – marxist-leninistane (KPml) skipa til møte om Lenin i Oslo laurdag 17. februar. Innleiarar på møtet var Aslak Storaker frå bladet Sosialistisk Framtid og Jan R. Steinholt frå tidsskriftet Revolusjon. Storaker konsentrerte seg i si innleiing mest om Lenin sitt verk «Imperialismen» og korleis han analyserte motseiingane i verda fram mot og under den 1. verdskrigen. Vidare korleis Lenin si analyse av det nasjonale spørsmålet fekk avgjerande innverknad både på byggjinga av Sovjetunionen og på store delar av Europa-kartet etter den fyrste verdskrigen. Tråden til stoda i dagens Europa var tydeleg.

leif hoeghaugForfattar og omsettar Leif Høghaug las dikt av Rudolf Nilsen. Foto: Revolusjon.Steinholt la i si innleiing mest vekt på kva vi kan læra av Lenin i dag ved å syna til Lenin sin kamp mot ulike formar for idealisme og reformisme, og viste til døme på slike tankeretningar i dag. Vidare kom Steinholt inn på statsteorien som Lenin utvikla, særleg i verket «Staten og revolusjonen». Dette er i vår tid veldig aktuelt som analyse av det borgarleg-demokratiske diktaturet og korleis det no konkret artar seg her i dagens imperialistiske Noreg, med stadig utvida statlege overvaknings- og kontrolltiltak og omseggripande offentleg korrupsjon og snusk hjå dei høgaste styresmakter.

Etter innleiingane var det opna for ordskifte. Ganske mange teikna seg og la fram synspunkt på kva som no bør gjerast, og korleis venstresida og ulike frontar kan koma vidare frå den ganske fragmenterte og defensive posisjonen ho no er i, ikkje minst i høve til korleis føra kamp mot krig og krigsførebuingane. Dette ordskiftet vart noko sprikande, òg avdi det var folk frå mange ulike organisasjonar og miljø til stades. 

Arrangøren av møtet hadde nok undervurdert kor populær Lenin er i dagens Noreg(!), då møtelokalet vart stappfullt langt utover dei det var stolar til. Møtet hadde òg kulturinnslag ved diktopplesing av kjende tekstar frå Rudolf Nilsen av forfattar og lyrikar Leif Høghaug.

Det einaste negative ved møtet var at restauratøren på staden ikkje greide å få servert kaffi som dei skulle! Alt i alt eit veldig vellukka arrangement, og fleire deltakarar etterlyste i etterkant nye møte og kva som kan gjerast for å vidareføra nokre av dei framlegga og ideane som kom opp undervegs.

 Heile innleiinga «Leninismen – marxismen for vår tid» kan du lesa her.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre