success
Her var det en feil peker. Du blir videresendt.

satelittantenneEinaste fornuftige forsvaret mot kjernevåpen er at dei ikkje blir brukt.

NRK Finnmark melder 7. august at USA har plukka ut to norske satellittar frå selskapet Space Norway til bruk for det amerikanske forsvaret. Dette gjer dei for å spreie risiko og dermed bli mindre sårbare for angrep.

Space Norway er eigd av den norske stat og Stortinget har godkjent at amerikanske atomubåtar kan bruke dei norske satellittane under ein atomkrig.

Det er veldig problematisk at man nå utrustar sivile satellittar med militært utstyr. Opphavleg var desse satellittane tenkt å styrke sivil tryggleik og beredskapen i nordområda. No er dei plutseleg blitt mål for andre lands militære styrkar.

Konsekvensar av ein atomkrig

Det er ei skam at Norge skal gjere seg til medløpar i ein atomkrig.

Det finnes idag 15.000 kjernevåpen i verda og av dei sit USA og Russland på 13.800. Alle desse kan fyrast av i løpet av minuttar og dei kan legge byar og land øyde på eit augneblink. Kjernevåpen gjer ikkje noko skilje mellom sivile og militære mål. Når dei eksploderer oppstår ei enorm trykkbølgje som drep alt liv innafor ein radius på fleire hundre kilometer. Radioaktiv stråling fører til skadar og død i generasjonar.

Det einaste fornuftige forsvaret mot kjernevåpen er at dei ikkje blir brukt. Vi må ut av USA og NATO sin atomdoktrine for å unngå å bli krigsmål. Navigering er berre ein liten del av det NATO nå er knytta opp til i Norge. I tillegg finnes det andre anlegg som er viktige i ein atomkrig. Her kan vi nemne navigasjonssystem, lytte- og peileanlegg. Og ikkje minst våre militære flyplassar og det nye F-35 kampflysystemet.

Vi kan nærast slå fast at vi har skaffa oss ein solid garanti for å bli bombemål i ein militærkonflikt mellom NATO og Russland.

Dette siste trekket er ein del av NATO si opprusting i Norden. Saman med NATO-utvidinga austover, bygging av baser osb., aukar etter vår meining spenninga og faren for ein storkrig mellom Russland og NATO. Vi ser med kraftig uro på at vår forsvarspolitikk blir endra utan kritiske røyster. Denne halsbrytande og udemokratiske endringa knyter oss stadig tettare til USA og NATO sin forsvarsdoktrine. Det er ingen tent med.

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.