23 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

demokratie diktatur

Skjerpa meiningskontroll med Ukraina-krigen som bakteppe.

Regjeringa presenterte 2. desember 2022 framlegg til endringar i Politiloven og Politiregisterloven som vil gje PST høve til å lagra dataopplysningar frå alle moglege opne kjelder, som nettartiklar, diskusjonsforum i sosiale medier, opne registre, kommentarfelt og bloggar i inntil 5 år – og på nærare vilkår i 15 år. Framlegget til slike nye lovheimlar for PST var noko av det siste som Solberg-regjeringa la fram før ho gjekk av. Ap/Sp-regjeringa har lagt fram same lovframlegget for Stortinget, med ein del mindre endringar.

Solberg og Støre samde

pst lytterSkilnaden mellom framlegga går særleg på tida som det innsamla materialet kan lagrast, i det opphavelege framlegget var lagringstida 15 år, men er no redusert til 5 år. Men om PST finn at det «kan antas» at dei treng informasjonen vidare så kan dei søka om å forlenga lagringsperioden i inntil 15 år. Det tyder at det ikkje er naudsynt at materialet truleg inneheld noko kriminelt eller terrorrelatert, men berre at PST finn det sannsynleg at dei treng dette utover fem år. I tillegg har Justis- og beredskapsdepartementet lagt inn nokre nye rammer for kva som kan lagrast av PST og korleis dette kan søkast i. Dette er likevel berre kosmetiske skilnadar og synar at viljen til auka overvaking er den same om regjeringa er leia av Solberg eller av Støre. Det vil etter den nye loven ikkje vera høve til å lagra e-postar, materiale frå chattetenester eller kryptert kommunikasjon, men dette har PST frå før heimel til å gjera etter eksisterande lovverk.

I tillegg kjem heimlane og høvet som Etterretningstenesten har til masseovervaking og innhenting av metadata og lagring av IP-adresser frå såkalla grenseoverskridande kommunikasjon, i og med at det aller meste av norsk datatrafikk, òg innanlands, går via fiberkablar som kryssar landegrensa. Med det nye lovframlegget har PST no fått tilsvarande heimlar som E-tenesten fekk i den nye Etterretningstenestelova frå 2020 med vedtekne endringar frå 2021. Desse nye lovene grip inn i liva til alle folk i landet, heilt uavhengig av om dei har gjort noko ulovleg eller ikkje.

Reaksjoner mot lovendringa

Regjeringa nyttar eit breitt spekter av potensielle trugsmål i argumentasjonen for lovframlegget. «PST må kunne følge med på utviklingen av ekstremisme, etterretningsvirksomhet og mulige terrortrusler.» Vidare vart «sammensatte trusler, strategiske oppkjøp og ekstremistiske digitale nettverk» nemnd som bakgrunn for loven. På pressekonferansen i samband med framleggjinga vart det synt til fåre frå eventuelle «voldelige klimaaktivister» som døme på slike nettverk, etter mykje fersk medieomtale av Extinction Rebellion og einskildpersonar i «Stopp Oljeletinga».

Anna grunngjeving for lovframlegget var «påvirkningsoperasjoner», og at PST skal kunne nytta det innsamla materialet i utarbeiding av analyser og i etterretningsverksemd for å kunne arbeida førebyggande og i etterforsking av straffbare handlingar. Som alltid vert auka overvaking og reduksjon av personvernet og informasjonsfridomen ikkje berre grunngitt med fåre for terroranslag, men òg med at det eksisterande regelverket treng moderniserast for å halda tritt med samfunnsutviklinga.

Det opphavelege lovframlegget frå Solbergregjeringa møtte sterk kritikk frå ei rad instanser, frå Datatilsynet og Advokatforeningen til Forsvarsdepartementet og menneskerettsorganisasjonar. Også det nye framlegget frå Støreregjeringa vart møtt med hard kritikk. Datatilsynet uttala m.a.: «Forslaget innebærer en grenseløs innsamling av opplysninger om norske borgeres aktivitet på internett, som vil gi PST et intimt innblikk i alles liv. Forslaget ser bort fra grunnleggende personvernprinsipper og mangler kontrollmekanismer som ivaretar menneskerettighetene våre på en god nok måte.»

Innsnevra ytringsfridom

Eit anna viktig poeng med slik lovgiving er at han har ein nedkjølande effekt på ytringsfridomen. Folk blir meire varsame med kva dei skriv, og kan vegra seg for å ta del i samfunnsdebatten. Datatilsynet gjennomførte ei personundersøking blant ungdom i 2019/2020 kor 16 % av dei spurte oppga at dei lot vera å ytra seg på sosiale medier grunna frykt for overvaking frå staten si side. Det har dei seinare åra skjedd ei stadig skjerping av overvakings- og personkontrolltiltak over det meste av verda, slik at dette no har vorte den nye normalen. FN sin høgkommisær for menneskerettar har i den samanhengen uttalt at nye overvakingstiltak har blitt ‘a dangerous habit rather than an exceptional measure’.

Desse nye overvakings- og personkontrolltiltaka skjer heller ikkje i eit politisk vakuum. Ytringsfridomen og det røynlege meiningsrommet i samfunnet er under åtak frå fleire hald. Ytringsfrihetskommisjonen si utgreiing (NOU 2022:9) kjem med ei rad tilrådingar. Mange av desse er fornuftige og bra, men somme vil òg ha ei heller tvilsam og negativ effekt. Dette gjeld særleg framlegget om at ytterlegare EU-lovgivning, Digital Services Act, skal innførast i EØS-avtala.

Redusert meiningsrom

Samstundes med den nye lovgivinga og dei skjerpa overvakingstiltaka skjer det mykje med det offentlege ordskiftet. Dette har hardna kraftig til etter den russiske invasjonen av Ukraina, og meinings- og ytringsrommet har vorte mindre. Organisasjonar og personar som ytrar seg annleis eller kritisk til offisielt vedtekne sanningar i utanriks- og forsvarspolitikken vert møtt med grov hets, stempling og stigmatisering. Dette gjeld særleg motstandarar av norsk medlemskap i NATO.

Det har vorte ei stemning i sosiale medier og i det offentlege ordskiftet elles som ein må attende til McCarthy-perioden på 1950-talet, eller til hetsen mot den nye ml-rørsla på 60/70-talet for å finna maken til. Dette gjer at staten sine ulike hemmelege tenester, og diverse aktivistiske private miljø, vil kunne få lett spelerom til overvaking og forfylgjing på reint politisk grunnlag av folk med «feil» meiningar og det som PST i si førre trusselvurdering kalte for «anti-statlege haldningar».

Dette er ein artikkel frå Revolusjon nr. 62, mars 2023.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre