28 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

innsyn

Framlegget til endring av Offentleglova skal stenge for innsyn i kva statsapparatet held på med.

Regjeringa ved Justis- og beredskapsdepartementet (JD) sendte like før påske ut eit høyringsframlegg til endring av offentleglova, offentlegforskrifta og arkivforskrifta. Framlegget går ut på å innføra eit tillegg i offentleglova paragraf 14 fyrste ledd, slik at ikkje berre organinterne dokument kan unntas frå offentleggjering, slik som no, men òg sjølve journalføringa av desse dokumenta i dei offentlege postjournalane. Dette vil i større grad fjerne høvet til innsyn i ulike saker som offentlege styresmakter jobbar med, hindra kontroll med forvaltninga, gjera avsløring av maktovergrep og kritikkverdige tilhøve vanskelegare, verna byråkratiet for innsyn frå særleg media, og i større grad enn no halda løynd kva staten held på med.

Offentleglova, lov av 1. januar 2009, omfattar nesten all offentleg forvaltning, som departementa, direktorat, fylkeskommunar, kommunar og nokre selskap under offentleg eigarskap. Domstolane, politiet si straffesakshandsaming og Stortinget si verksemd omfattast ikkje av lova, men har eigne regelverk. Grunngjevinga for det utsendte endringsframlegget av offentleglova med forskrifter er delt. Justis- og beredskapsdepartementet (JD) argumenterar med at det er «uheldig» at det ikkje kan gjerast unnatak for innsyn i journalføringa av organinterne dokument, dels at tilgjengeleg informasjon om at ei sak jobbast med kan føra til debatt og forventning om eit gitt resultat, og dels at offentleggjering i postjournal om at eit bestemt spørsmål er til handsaming vil kunne begrensa den frie meiningsutvekslinga i organet som arbeidar med dette. I høyringsnotatet syner departementet til at ymse offentlege verksemder no bryt gjeldande lov- og regelverk ved ikkje å publisera postjournalane sine på internett, for slik å unngå at det vert bede om innsyn i ulike saker som vert kalla organinterne eller skjermingsverdige. Departementet sitt svar på dette er altså å gjera lovbrotet lovleg ved å endra lov og forskrift. JD meiner endringsframlegget ikkje er ei realitets-endring, men berre ei klargjering.

Bak alle desse ulike grunngjevingane ligg òg noko som ikkje vert kommunisert offentleg, og det er den skjerpa internasjonale stoda, og det ynskje som norske styresmakter har om å halda forhold som kan tenkjast å ha noko å seia for rikets tryggleik meire skjult.

Om ein ser på dei offisielle erklæringane frå regjeringspartia Ap og Sp, er framlegget noko av eit paradoks. I Hurdalserklæringa seiast det at «Ap/Sp-regjeringen vil sikre at offentlighetsloven og prinsippet om meroffentlighet praktiseres i alle offentlige virksomheter.» Ap skriv i sitt partiprogram: «Partiet vil understreke at ytringsfrihet sikres ved god tilgang på informasjon og at offentlighetsloven og prinsippet om meroffentlighet praktiseres i alle offentlige virksomheter.» Sp skriv i sitt program: «… vil sikre at offentlige prosesser er åpne og gir rom for innsyn.» Det er vidare eit ope spørsmål om endringsframlegget er i pakt med intensjonen i Grunnlova si paragraf 100, som m.a. slår fast at «Enhver har rett til innsyn i statens og kommunens dokumenter», og «Det påligger statens myndigheter å legge forholdene til rette for en åpen og opplyst offentlig samtale.»

Totalt hemmeleghald av ulike formar for arbeidsnotat og organinterne dokument har lenge vore ei målsetning for embetsverket

Innan fristen hadde det kome inn 3200 høyringssvar til departementet. Dei langt fleste av desse er negative til lovframlegget. Blant negative tilbakemeldingar kan nemnast svar frå Norsk Journalistlag, Sivilombodet, ytringsfridomsorganisasjonen Norske Pen, Den norske advokatforening og ei rad fagforbund.

Totalt hemmeleghald av ulike formar for arbeidsnotat og organinterne dokument har lenge vore ei målsetning for embetsverket i leiande departement som Justis-, Forsvars- og Utanriksdepartementet. Det er no 50 år sidan den fyrste lova om offentleg innsynsrett i den norske forvaltninga vart vedteke. Om framlegget frå Støre-regjeringa vert vedteke i si noverande form av Stortinget, så vil den «raud-grøne» regjeringa ha skrudd offentlegprinsippet attende til noko som den gamle embetsmannsstaten fint ville kunne levd med.

Oppdatering: Tidlig i oktober valgte Justisdepartementet å trekke tilbake lovframlegget.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre