Marxist-leninistisk tidsskrift og nettmagasin

norwegian air force f35a

Ein langtidsplan for meir avskrekking og meir militarisering av sivilsamfunnet.

Fredag 17. april la regjeringa fram langtidsplanen for Forsvaret for perioden 2021–2024. Medan Corona-pandemien krev ekstraordinære ofre frå folk flest, så sit pengane laust når det gjeld løyvingar til militære forhold.

I planen er det lagt inn ein auke i forsvarsbudsjettet med 2 milliardar kroner kvart år. Dette er i tråd med ein rapport (DN 10/4-20) som blei lagt fram av den amerikanske tankesmia Rand Corporation i mars i år. Dei har spesialisert seg på råd til det amerikanske forsvaret og NATO. Rapporten som dei gav Norge var bestilt av Forsvarsdepartementet som ledd i arbeidet med langtidsplanen. Det er vel grunn til å hevde at rapporten frå RAND skulle ivareta NATO og Pentagon sine interesser i planarbeidet. Og auka pengeløyvingar i milliardklassa var eit av verkemidla dei peika på som absolutt naudsynt.

Vil krevje 1500 kr meir av kvar einaste innbyggar

Den norske regjeringa er lydhør overfor amerikanske krav. Forsvarsbudsjettet for 2019 var på 55 milliardar kroner. Det er 11000 kroner på kvar innbyggar, liten som stor. Når summen skal auke med 2 milliardar kroner kvart år så betyr det ein auke pr. innbyggar på 1500 kroner til militære formål. Det vil merkast.

Enda dyrere F-35

Den rekordhøye dollaren kan gjøre kampflyanskaffelsen mange milliarder kroner dyrere de neste fire årene. Bare i år kan prisøkningen komme på mellom 0,5 og 1 milliard kroner, skriver Forsvarets Forum (20. mars 2020).

Av erfaring veit vi at når staten aukar sine utgifter så betyr det kutt i velferdstenester eller ekstraskatt. Eller det blir mindre pengar til kommunane som òg vil gå ut over folk sin velferd.

Med auka midlar vil vi få eit meir krigersk forsvar. Det vil føre til auka spenning i nordområda og opne for fleire basar for utanlandske soldatar på norsk jord.

Brigaden i Nord-Norge skal styrkast for å møte eit trugsmål frå Russland. Å ruste opp i nord kombinert med med ein aggressiv retorikk overfor Russland vil gjere oss meir avhengige av NATO. Det gjer det sannsynleg at Norge kan bli krigsarena og styrke Russland sitt inntrykk av at dei står ovanfor eit NATO på krigsfot.

Meir provoserande enn avskrekkande

Det er ingen automatikk at auka militær kapasitet vil styrke Norge sin tryggleik. Militær opprusting kan virke meir provoserande enn avskrekkande i møte mellom nasjonar. Russland sitt forsvarsbudsjett er åtte prosent av NATO sitt (ABC Nyheter 29/4-19) og difor utgjer dei ingen trugsmål mot alliansen. Ei vestleg opprusting i nord vil føre til at Russland kjem etter og då er vi inne i ein vond spiral.

Å fokusere på innkjøp av dyrt materiell som er meir eigna til offensive operasjonar enn vern av våre landområde, framstår som meiningslaust. Det er god grunn til å spørje om 70 milliardar kroner til innkjøp av nye kampfly er vel anvendte pengar?

Eit anna poeng i rapporten frå Rand Corporation er at vi må gjennomføre ei større militarisering av det sivile samfunnet. Vi må «invitere allierte med djupe angrepssystem til å besøke Norge regelmessig». Dette gjenspeglar seg i langtidsplanen ved at ein skal auke øvingsfrekvensen saman med allierte og vi vil få fleire øvingar etter mønster frå den store NATO-øvinga Trident Juncture 2018.

I tillegg nemner langtidsplanen at det norske forsvaret skal ta i bruk «langtrekkende presisjonsvåpen». Kva ligg i begrepet? Snakkar vi her om rakettsystem som kan frakte taktiske atomvåpen?

Nå når langtidsplanen er lagt fram er det ingen grunn for at den skal drukne i den pågåande Corona-krisa.

Bundne til NATO-masta

Norge vil i langtidsperioden vere medlem av NATO. Dermed er vi bundne til masta som nok vil bety fleire norske utanlandsoperasjonar for alliansen. Det norske forsvaret er organisert for å tilfredsstille NATO sine behov og slik vil det òg vere i neste periode. Det blir spegla i investeringane anten vi likar det eller ikkje.

Det viktigaste forsvarspolitiske kravet vi bør stille er «Norge ut av NATO»

Dei politiske partia har så langt vore lite kritiske til planen. Men det er på sin plass å kreve at dei svarar på konkrete spørsmål.

Bør ikkje forsvaret også ta sin del i den nasjonale dugnaden som nå blir etterlyst i samband med den pågåande krisa? Støttar dei at forsvarsbudsjettet skal auke med 2 milliardar kvart år i perioden?

I tilfelle svaret er ja, kor skal dei pengane hentast frå?

Vi oppgraderer nettsidene. I en overgangsperiode kan det skje endringer i menybildet og det visuelle uttrykket. 

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.