Det er med stor glede at vi helser nei-sigeren i Irland velkomen. Det er ein siger for det irske folk og alle folk i EU, som massivt vender seg imot ein tekst som inneheld dei viktigaste måla og prinsippa frå den europeiske grunnlovstraktaten.

Vi hyllar dei kraftene som har stridd for at gje dette nei-et eit progressivt innhald, og som har spelt ei avgjerande rolle i denne sigeren.

Død traktat. © Kreditering European communities.Bønder, arbeidarar og folket har forkasta den store samansluttinga av politiske og sosiale krafter, arbeidsgjevarar og medium som har mobilisert til støtte for eit ja. Dei har freista skulda på det irske folk og truga med at dei vil koma med «represaliar». Merkel, Sarkozy, Barroso & Co har mangedobla presset og trugsmåla. Dette er eit alvorleg politisk nederlag for dei.

Som det franske og hollandske folket gjorde det i 2005, har det irske folket med denne avgjerda kasta grus i denne «uhyrlege» nyliberale maskina, som er synonym med sosial dumping, med konkurranse alle mot alle og med storlandbruket og landbruksindustrien sin forrang over dei små bøndene. Det irske folket sa nei til eit militarisert Europa, forankra i NATO.

Trass i dette nye folkelege slaget har EU og talspersonar for dei antidemokratiske regjeringane og EU-kommisjonen proklamert at dei «vil halda fram». For dei er ei folkerøysting berre demokratisk om ho stadfestar deira avgjerder. Dette er biletet på heile Den europeiske unionens  oppbygningsprosess,  ein prosess som skjer mot folk og attom ryggen på dei, og som aldri vil godta røystene deira. Det er ein oppbygningsprosess vendt mot folk i Europa og Afrika for å få ein Europeisk union på plass som ei stor imperialistisk makt på globalt plan, som konkurrerer med andre imperialistiske stormakter om marknader og kontroll med råvarene.

Det er en Europeisk union, som nett har legalisert 65 timars arbeidsveke og erstatta kollektive avtaler med «ein-til-ein avtaler» mellom arbeidsgjevaren og arbeidaren, og som vil fjerna alle sosiale landevinningar og retten til arbeid. Ein Europeisk union som driv klappjakt på innvandrarar utan arbeidsløyve, sett dei i leirar og utvisar dei, og som samstundes vil «velja» dei hjernar og hender som unionen vil ha. Ein Europeisk union som fremjar kyrkja sine reaksjonære «verdiar» og ynskjer å gå til åtak på retten til abort. Overfor dei asosiale og reaksjonære åtaka frå EU er det skjedd ei mobilisering av arbeidarane som framleis utviklar seg.

Denne politiske sigeren for folket hjelper oss endå meir å utvikla solidaritetsbanda og kampfellesskapen mot den politikken som berre tener monopola og fåmannsveldet av finansfyrstar. 

Det irske folket si folkerøysting må respekterast, og ratifikasjonsprosessen av Lisboa-traktaten må stoggast.

Fråsegn frå europeiske parti frå Den internasjonale konferansen av marxistisk-leninistiske parti og organisasjonar (IKMLPO) frå møtet i Madrid juni 2008.
 

  • Spanias Kommunistiske Parti (marxist-leninistane) (PCE (m-l))
  • Frankrikes Kommunistiske Arbeidarparti (PCOF)
  • Arbeidarpartiet Kommunistane - Danmark (APK)
  • Tyrkias Revolusjonære Kommunistiske Parti (TDKP)
  • Kommunistisk Platform, Italia
  • ML-gruppa Revolusjon, Noreg

 

Vi oppgraderer nettsidene. I en overgangsperiode kan det skje endringer i menybildet og det visuelle uttrykket. 

Kontakt og informasjon

Ansvarlig utgiver er KPML Media
© Der hvor ikke annet er angitt, kan innholdet på våre sider republiseres etter denne lisensen CC BY-NC-SA 4.0

For abonnement på tidsskriftet, skriv til abonnement@revolusjon.no | For redaksjonelle henvendelser | Andre henvendelser: revolusjon@revolusjon.no

 

Kommunistisk plattform KPML

kpml150Revolusjon er talerør for Kommunistisk plattform – marxist-leninistene (KPML).

Signerte artikler står for forfatterens regning og representerer ikke nødvendigvis organisasjonen sitt syn.