19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Fem år med Raudt

roedt logoI 2007 vart det som var att av AKP lik­vidert og slege saman med det dåverande Raud Valallianse (RV) til det nye Raudt. Argumentet for samanslåing var mellom anna at dette skulle gje eit sterkare revolusjonært alternativ, eit slags raudt masseparti, samstundes som «gamaldags» organisering i form av eit «fortroppsparti» hadde vorte sært og passé i vår tid. Terskelen for medlemsskap var låg, slik som i RV.  Den danske Enhedslisten var eit førebilete. Forventningane om opptur og parlamentarisk representasjon var store.

Så korleis har det gått? Ganske elendig, for å seie det forsiktig. Medlemstalet i Raudt er i dag lågare enn det var i AKP og RV i 2007. Valresultata har vore elendige, med nokre lokale unnatak. Og det trass i SV sitt openlyse forræderi i regjeringsposisjon mot eigne prinsipp og eiga veljarskare, og ei vedvarende veljarflukt derifrå. I staden for å verte ein tydeleg revolusjonær opposisjon til SV og den raudgrøne regjeringa, har Raudt endt opp som ein venstrereformistisk støttespelar for den same regjeringa. Kritikken er sjelden skarp og prinsipiell, reformkrava er om lag dei same som SV stiller (men ikkje får gjennomslag for i eiga regjering), pluss ti prosent.

Inn i det gode selskap

Denne reformistiske kursen har ført til at Raudt er teke opp i det gode selskap, særleg i dei høgare lag i fagrørsla. Raudt-politikere får halde appellar saman med de andre sosialdemokratiske partia 1. mai. Mesteparten av partiet sin aktivitet er knytt opp til den parlamentariske verksemda gjennom kommunestyregrupper og liknande. Siste døme på at reformismen har satt seg, er dokumentert i arbeidsprogrammet for 2012-2014, der det så vidt vart plass til nokre liner om «det nye samfunnet» etter ei lang rekke reformkrav.
Det vi marxist-leninistar har hevda heile vegen, er stadfesta av livet sjølv. Raudt går objektivt stadig lengre mot høgre, det finst snart ingen prinsipielle skiljeliner mellom SV og Raudt. På venstresida i SV og på høgresida i Raudt modnast tanken om å slå pjaltene saman. Det ville vera ein naturleg prosess for å få samla kraftene ein stad.
Mye kan seiast om AKP, og dei siste par tiåra er det for oss innlysande at AKP hadde selt unna ei mengd  prinsipp som ligg til grunn for eit kommunistparti. Revisjonismen hadde innhenta AKP. Likevel hadde AKP halde fast ved mange trekk frå si fortid som gjorde partiet i stand til å ta mange riktige standpunkt og framfor alt: til å setja lina ut i handling, som følgje av det minimum av disiplin og krav til aktivitet frå medlemmene som framleis var att.

Eit spørsmål om organisasjon

Difor er det i dag lett å se at det gamle AKP for fem år sidan fikk utretta meir enn det utvatna fusjonsprosjektet Raudt får til i dag. Grunnen er i all hovudsak eit spørsmål om organisasjon og organisatorisk arbeid. Restane av ein kommunistisk organisasjonspraksis gjorde AKP i stand til å spela ei rolle, òg lenge etter at partiet hadde byrja å rotne innanfrå på det ideologiske og teoretiske området.

Det kan difor vera grunn til å gjera eit tilbakeblikk på AKP si historie, for at dagens revolusjonære kan lære av både feila og dømene som bør etterfylgjast.

Gå til toppen og klikk på neste tab for å lese videre. Artikkel frå Revolusjon nr. 41, våren 2012.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre