mandag 6 desember 2021

«Xi Jinpings tenkning» er no den offisielle ideologien til KKP.«Xi Jinpings tenkning» er no den offisielle ideologien til KKP.

Skilnaden på det partiet som vart stifta i 1921 og det partiet som KKP er i dag er enorm.

1. juli i år var Kinas kommunistiske parti (KKP) offisielt 100 år. I juli 1921 samla 13 delegatar frå dei dåverande seks partiavdelingane med i alt 58 medlemer i heile landet (i vest og sør) seg i Shanghai og stifta KKP. Både partiet og landet gjekk gjennom særs harde tider desse påfølgjande åra. Landet var i røynda delt av framande imperialistmakter og innanlandske føydalherrar, borgarkrig og intervensjonskrig, noko som mellom anna førte til at dokumentane frå stiftingskongressen etter kvart berre fantes fragmentarisk i Komintern sine arkiv i Moskva.

To tiår i kamp

Dei militære kampane som i ulike faser rasa uavbrutt i Kina frå 1927 til etableringa av Folkerepublikken Kina i 1949 sette sitt preg på partiet, og på den praksisen og teorien det utvikla både i desse åra og i tida etter at KKP og Folkets frigjeringshær kasta imperialistane og kompradorane ut frå fastlands-Kina.

Etter at dei kinesiske kommunistane under leiing av Mao Tse-Tung hadde etablert Folkerepublikken og starta oppbygginga av sosialismen i landet skjedde det enorme endringar i det kinesiske samfunnet. For første gong sidan tidleg på 1800-talet var landet i hovudsak samla, den skrikande fattigdomen vart bekjempa og avvikla, analfabetismen vart kraftig redusert, kvinner vart juridisk likestilte med menn, liveigenskapen reelt avvikla, det vart etablert først småindustri, så tungindustri over heile landet, og levealderen og folketalet vokste raskt.

Bøndene viktigaste kraft

Ein av dei særlege utfordringane som Kina og KKP sto overfor i den første fasa etter partietableringa var at landet hadde forsvinnande lite industri og difor ein særs liten arbeidarklasse, og at dei aller fleste revolusjonære var intellektuelle og bønder frå den vidstrakte kinesiske landsbygda. Dette gjorde at bøndene vart den viktigaste krafta i den kinesiske revolusjonen, og at det meste av den politiske verksemda til partiet under krigen mot Japan og i folkekrigen mot det kinesiske komprador-borgarskapet måtte retta seg inn på desse.

Mao og dei kinesiske kommunistane tilpassa slik marxismen-leninismen for kinesiske tilhøve, og for tilhøva i andre underutvikla jordbrukssamfunn. Dei utvikla teori på andre område, som til dømes ein proletarisk militærvitskap gjennom teorien om folkekrig, utviklinga av masselina som metode for læring og leiing, sterkare forståing av at klassekampen held fram under sosialismen og korleis føra denne, og i den ideologiske og politiske kampen mot den moderne revisjonismen og den sovjetiske sosialimperialismen representert ved Sovjetunionen etter kontrarevolusjonen der i 1956.

Dollarmilliardærer i leiinga

Skilnaden på det partiet som vart stifta i 1921 og det partiet som KKP er i dag er enorm. Etter at Mao døydde i 1976 greip eit nytt borgarskap makta i parti og stat. Partiet har no 92 millionar medlemer, og står i spissen for ein stadig veksande sosialimperialistisk stat som om få år vil gå forbi USA som verdas største økonomi. I dei kinesiske byane bur det 200 millionar menneske som har flykta inn frå landsbygda, og som ikkje har sosiale rettar i det kinesiske samfunnet. Arbeidskrafta har atter vorte ei vare i Kina og i andre land kor staten sendar kinesiske arbeidarar. Kina investerar i alle verdsdelar, og har vorte ei leiande imperialistmakt i mange land, særleg i Afrika. Kvinner har vorte reduserte til kjønsobjekt, og prostitusjonen og sex-industrien florerar att i kinesiske byar.

Kina investerar i alle verdsdelar, og har vorte ei leiande imperialistmakt i mange land, særleg i Afrika.

I dei formelt leiande organa i det «sosialistiske» Kina, Den nasjonale folkekongressen og Den politiske rådgjevande forsamlinga, sit det no 94 dollarmilliardærer mellom dei 5000 representantane.

Det faktum at Kina står fram på verdsarenaen som rival til USA, gjorde at 100-årsdagen vart omhandla og markert i norske media med åtvaringar mot Kina og kinesisk ekspansjon, og skrekkreportasjar om «kommunismen» der. Det siste heilt skamlaust og blotta for forståing av at det samfunnssystemet som dei same mediehusa fordømer, berre er ein diktatorisk og fascistisk avart av det kapitalistiske systemet som dei sjølve så aktivt er forsvararar av.

Tekst frå Revolusjon nummer 59, hausten 2021.