fredag 14 mai 2021

Borgerpressa var i harnisk over «bolsjevikdiktatur». Her fra Trondhjems Adresseavis 19. mai 1921.Borgerpressa var i harnisk over «bolsjevikdiktatur». Faksimile fra Trondhjems Adresseavis 19. mai 1921.

I to-tre veker i mai 1921 hadde arbeidarklassen politisk og administrativ kontroll i Hammerfest. Dette har etterpå vorte kjent som Hammerfestkommunen.

Tida etter 1. verdskrigen var prega av hard klassekamp. Frå 1920 var det konjunkturnedgang og aukande arbeidsløyse, og borgarskapet freista pressa igjennom lønsnedslag. Arbeidsgjevarane i Norges Rederiforbund kravde at norske sjøfolk skulle få eit lønsnedslag på 33 % frå 1. april 1921 og mista dei to vekene med årleg ferie som var innført året før, samt ytterlegare tola eit lønsnedslag på 25 % frå 1. oktober same år. Desse framlegga vart sjølvsagt møtt av store protestar, og utover frå 9. mai gjekk sjøfolk og hamnearbeidarar i streik langs heile kysten. Staten og borgarskapet kalte ut politi og militærstyrkar for å slå ned streiken, og organiserte politibevokta streikebryteri gjennom «Norges Samfundshjelp.» Dette var ein streikebrytarorganisasjon skipa til av ulike næringslivsorganisasjonar i 1920. Det kom fleire stader til uro og valdelege samanstøyt mellom streikende arbeidarar og borgarskapet sitt valdsapparat, m.a. i Oslo, kor politiet gjekk brutalt fram mot demonstrerande arbeidarar. Som eit svar på dette og etter press frå eigne medlemmar tok LO ut 120 000 arbeidarar i streik frå 26. mai. Dette vart seinare kalla storstreiken i 1921.

I Hammerfest var det og fleire valdelege samanstøyt mellom streikande arbeidarar og streikebrytarar verna av den vesle lokale politistyrken på fire mann, men dei streikande arbeidarane hadde stor støtte i lokalbefolkninga og vann alle desse bataljane. Streikekomiteen i Hammerfest tok grep om stoda og oppretta eit eige ordensvern av representantar frå den lokale samorganisasjonen som så sto for ordenstenesta i byen. Vidare tok arbeidarane kontroll over hamna, med varedistribusjonen og all kommunikasjon og persontransport inn og ut av Hammerfest. I spissen for streikekomiteen sto Sigurd Simensen, som då var redaktør for Vestfinnmarkens SocialDemokrat. Han tilhøyrde venstrefløya i Det norske arbeiderparti (DNA) og hadde frå 1918 vore leiar for arbeidarrådrørsla som vart etablert det året, inspirert av Oktoberrevolusjonen i Russland. Simensen var seinare i livet med på å byggja opp Norges kommunistiske parti (NKP), og ei kort stund etter 2. verdskrigen var han og ordførar for partiet i Harstad.

Som ein protest mot og parodi på marinegastane marsjerte arbeidarkvinnene i Hammerfest gjennom byen med koster på skuldra.

Arbeidarane i Hammerfest tok ikkje over dei eksisterande administrative organa i byen, men bygde opp sine eigne med basis i sine eigne organisasjonar. Det lokale borgarskapet tok kontakt med regjeringa i Oslo og klaga si naud, og marinefartøyet KNM Farm vart sendt frå Bergen og ankom Hammerfest den 20 mai for å slå ned oppstanden. Dette svara likevel ikkje til borgarane sine forventningar, for mannskapet på Farm nekta å gå til åtak på arbeidarane i Hammerfest og deltok i staden på fotballkampar og dansetilstelningar i lag med dei. Regjeringa sendte då eit nytt og større marinefartøy, KNM Heimdal frå Vardø, og dette ankom Hammerfest 25. mai, og ilandsette marinegastar som marsjerte gjennom byen med bajonettar på geværa. Som ein protest mot og ein parodi på dette så marsjerte arbeidarkvinnene i Hammerfest då gjennom byen med koster på skuldra. Den 26. mai samla mannskap frå KNM Heimdal inn alle våpen og all ammunisjon som dei kom over i byen og førte dette over på skipet. Den 30. mai kom ytterlegare 50 soldatar og offiserar frå Alta bataljon og tok direkte militær kontroll over Hammerfest, og streikebrytarane frå Samfundshjelpen kunne ta opp att arbeidet på hamna. Streikekomiteen vart slik utsett for eit veldig press og vart så ført over på andre og kompromissviljuge hender, før han vart oppløyst etter pålegg frå styresmaktene.

Den 2. juni vart det som ein avslutning på streiken skipa til ein stor demonstrasjon i Hammerfest, og den 10. juni blei det som seinare vart kjent som storstreiken avblåst, før sjømannsstreiken vart avblåst 3. juli.

Sigurd Simensen fekk 120 dagars fengsel, for «opprør og revolutionær virksomhet».

Resultatet av streiken vart eit lønskutt på «berre 17 %», men arbeidarane fekk behalda dei to vekene med ferie som var tilkjempa året før.
Hammerfestkommunen fekk òg eit rettsleg etterspel, og sju mann som hadde stått i spissen for han vart dømt til fengselsstraff. Sigurd Simensen fekk lengst straff med 120 dagars fengsel, for «opprør og revolutionær virksomhet».

Sjølv om Hammerfestkommunen sjølvsagt som eit isolert fenomen og stilt overfor borgarskapet sitt valdsapparat lei nederlag, så førte han likevel til viktige erfaringar. Desse kan oppsummerast med at klassekampen ikkje må avgrensast til fagleg-økonomisk kamp åleine, men førast over på eit politisk nivå, og at arbeidarklassen ikkje kan ta og langt mindre halde på makta om han ikkje er godt organisert og væpna.

Artikkel frå Revolusjon nr. 58, våren 2021.