torsdag 11 august 2022

ukraina soldater oleg mityukhinInstruktører frå NATO-land har i lang tid bygd opp den ukrainske hæren. Foto: Oleg Mitjukhin, Unsplash.

Det har pågått ei kraftig militær oppbygging i og kring Ukraina gjennom snart eit tiår.

Den russiske invasjonen av Ukraina endrar i høg grad den politiske stoda i Europa. Invasjonen er folkerettsstridig og han synar til fulle Russland som aggressor og imperialistmakt. Invasjonen er kulmineringa av fleire år med sabelrasling, og er i røynda ein krig om interessesfærer mellom stormaktsrivalane USA/NATO og Russland.

Putin nyttar russisk-nasjonalistisk retorikk

President Putin og dei russiske styresmaktene nyttar den sokalla Karaganov-doktrina som grunnlag for invasjonen av Ukraina. Ho går ut på at Russland skal forsvara menneskerettane til etniske russarar i det som vert definert som «dei nære omland». Putin nyttar russisk-nasjonalistisk og anti-kommunistisk retorikk mot Ukraina, nektar for Ukraina sin rett som stat og nasjon, og legg skulda på Sovjetunionen for at Ukraina vart ein sjølstendig stat. Nett angående det som gjeld Sovjetunionen har han eit poeng, for det var som del av Sovjetsamveldet at Ukraina vart konstituert og bygd opp som stat i moderne tid. Samstundes er det tette og langvarige kulturelle og politiske band mellom det russiske og ukrainske folket, og det som etterkvart vart Russland blei i mellomalderen historisk bygd opp frå det gamle viking-kongedømet i Kyiv (Kiev).

Store landområde i det høgt industrialiserte Donbass-området aust i landet, samt det meste av det som no er Svartehavskysten av Ukraina, har historisk vore russiske landområde, og vart overført frå Russland til Ukraina ved etableringa av Sovjetsamveldet i 1922. Krimhalvøya vart overført frå Den russiske føderative republikken i Sambandet av sosialistiske sovjetrepublikkar (SSSR) til Den ukrainske SSR i 1954, av Nikita Khrusjtsjov.

Store landområde i det som no er dei vestlege delane av Ukraina vart tilført landet i perioden 1939-1945, frå det som i tida mellom dei to verdskrigane hadde vore polsk (Øst-Galicja) men dels òg tsjekkoslovakisk og rumensk territorium. Størstedelen av desse områda hadde i dei par føregåande hundreåra vorte styrte av vekselvis Russland og Austerrike-Ungarn, og var bustad for ei rad ulike nasjonalitetar.

Uro og borgarkrig

Bakteppet for krigen som no pågår, med store lidingar for det ukrainske folket som resultat, er den politiske uroa som har vore i Ukraina sidan oppløysinga av Sovjetunionen i 1991–1992, og dei historiske og delvis nasjonale motseiingane mellom aust og vest i landet. Her spelar det kuppet som vestleg orienterte politikarar med støtte frå USA og EU gjennomførte i 2014 ei viktig rolle. Det braut då ut uro og i røynda borgarkrig i store delar av Ukraina. Opne nynazistiske parti og militsgrupper som Svoboda og Azov-bataljonen sto fram på det nye regimet si side, og Azov-bataljonen vart etterkvart innrullert i Den ukrainske nasjonalgarden, som ein integrert del av staten sitt militærapparat. I etterkant av dette kuppet vart dei språklege og kulturelle rettane til den russisk-talande minoriteten i Ukraina fjerna av den nye regjeringa. Dette førte i sin tur til russisk annektering av Krim, med folkeavrøysting og integrasjon i Den russiske føderasjonen, og opprør mot sentralregjeringa i dei to austlegaste oblast-ane i Ukraina, Donetsk og Luhansk. Opprørarane her har sidan halde delar av desse to områda, og erklært desse som høvesvis Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublikken Luhansk. Desse to områda vart like i forkant av den russiske invasjonen av Ukraina anerkjent som sjølvstendige statar av Russland. Med det vart Minsk-avtalene frå 2014 og 2015 om våpenkvile, desentraliserande reformar og lokalt sjølvstyre i Aust-Ukraina ikkje berre gravlagt frå ukrainsk, men òg frå russisk side. Områda som sidan 2014 har vorte halde av russisk-talande separatistar har ein samla storleik på noko over 16 000 kvadratkilometer, litt større enn Agder fylke, og har ein folkesetnad på i overkant av 4 millionar menneske.

Ukraina er det nest største landet i Europa i areal, på omlag 600 000 kvadratkilometer, og har eit folketal på 44 millionar. I åra etter at dei to republikkane i Donbass vart proklamerte har omlag 500 000 av innbyggarane der søkt om og fått innvilga russisk statsborgarskap. Krigshandlingane i desse områda mellom den ukrainske hæren og separatistane hadde frå 2014 og fram til den russiske invasjonen av Ukraina ført til nærare 15 000 drepne, deriblant 4 000 sivile, og 1,4 millionar fordrive frå heimane sine.

Det har pågått ei kraftig militær oppbygging i og kring Ukraina gjennom snart eit tiår, men det er mest den russiske styrkeoppbygginga som har fått merksemd i norske og vestlege media. USA-imperialismen er òg stadig ute etter større marknadar og omfordeling til sin fordel, og har etter samanbrotet av dei sosialimperialistiske regima i Sovjetunionen og Aust-Europa stadig ekspandert austover med NATO som reiskap. Tre tidlegare Sovjet-republikkar og seks-sju tidlegare Warszawa-pakt land er mellom dei landa som på 1990- og 2000-talet har vorte med i NATO, og det er etablert mange og store NATO- og USA-basar tett opp mot den russiske grensa. I denne delen av Europa er det no berre Kvite-Russland og Ukraina som er att som «bufferstatar» mellom Russland og NATO.

Ukraina er eit land med rike naturressursar, enorme landbruksområde med særleg kveite- og solsikkeproduksjon, og store forekomstar av kol, olje, naturgass, mangan og titan.

Rolla til USA, EU og NATO

Regjeringa i Ukraina har sidan 2014 ønska at landet skal bli medlem i NATO. Landet er Enhanced Opportunities Partner i NATO, til liks med Georgia, Jordan, Australia, Finland og Sverike. Dette tyder m.a. informasjonsdeling, sams øvingar og interoperabilitet når det gjeld kommunikasjon og utstyr. Kyiv har dei seinare åra motteke massiv politisk, militær og økonomisk støtte frå USA, EU og NATO.
Store delar av støtta frå USA har vore i form av høgteknologisk militært materiell, som mellom anna missilar, kommunikasjonsutstyr, radar-, eldleiing- og satelitteknologi.

Det har gjennom fleire år vore militære rådgjevarar og instruktørar frå USA og Storbritannia til stades i Ukraina

Det har òg gjennom fleire år vore militære rådgjevarar og instruktørar frå dei ulike amerikanske våpengreinane til stades i Ukraina. I den seinare tida har det òg vore instruktørar frå Storbritannia, og endåtil nokre frå Sverike, til stades i landet.

Etter starten av krigen mellom Russland og Ukraina har våpenleveransane til Ukraina frå NATO, EU og ulike vestlege land skote kraftig i veret, med massive forsendingar av ammunisjon, bakke til luft-missilar, panservernvåpen (deriblant 2000 stk. M72 frå Noreg som med det braut eige vedtak frå 1959 om ikkje å levera våpen til område i krig,) og no seinast jagerfly.

Tyrkia har allereie for fleire år sidan solgt overvakings- og kampdroner til Ukraina, som er same våpensystem som Aserbajdsjan nytta med stort hell i den seinaste krigen mot Armenia.

Det viktigaste elementet i USA og NATO si militære støtte til regjeringa i Kyiv må nok likevel vera den omfattande overleveringa av etterretningsinformasjon og måldata som føregår. Dette er samstundes direkte militær innblanding frå USA og NATO i krigen, men det utan at nokon av partane vil innrømma det.

USA har ei nykkelrolle som bakspelar

Russland har som angripar ved krenkinga av Ukraina sin suverenitet hovudansvaret for krigen og lidingane som pågår nett no. USA har samstundes ei nykkelrolle som bakspelar i krigen som foregår, som militær men ikkje minst som vikande økonomisk og politisk supermakt. Landet har all interesse av krigen som no rasar, i første rekke ved at han forverrar tilhøvet mellom Russland og EU, knyter Europa enno tettare økonomisk og politisk til USA, samt svekkar Russland økonomisk og militært.

Ein annan alvorleg og meire langsiktig konsekvens av krigen ut over store tap av menneskeliv, øydeleggjingar og flyktningestrøymar, er at han i høg grad aukar det militære og politiske spenningsnivået i verda.

Dette får òg store konsekvensar for tilhøvet mellom Noreg og Russland, og førar til at USA-, NATO- og til og med EU-tilknytninga her i landet vil verta forsterka på fleire vis.

Artikkel frå Revolusjon nr. 60, mars 2022.