19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Norge er medskuldig i tragedien i Jemen.

Frå ein demonstrasjon mot kriogen i London. Foto: Alisdare Hickson CC BY-SAFrå ein demonstrasjon i London mot krigen. Foto: Alisdare Hickson CC BY-SA

Jemen er eit land på den arabiske halvøy med eit folketal på på 27 millionar menneske. Krigen starta i 2015 og var først og fremst ei konflikt mellom styresmaktene og opprørsstyrkar frå Houthi-rørsla i nord. Styresmaktene får støtte frå ein koalisjonsstyrke leia av Saudi-Arabia og der fleire land i Midt-Austen og Nord-Afrika deltar. Vi kan nemne Dei sameinte arabiske emirater, Bahrain, Kuwait og Egypt.

Denne krigen er ei frykteleg tragedie som diverre er totalt gløymt i våre massemedia. Likevel ber Vesten eit tungt ansvar for det som skjer ved sin støtte til den Saudi-leia koalisjonen si brutale krigføring.
Også Norge har eit tungt ansvar for det som skjer. Den sterke bindinga til USA og vårt medlemskap i NATO har ført til at vi lar oss bruke på ein slik måte at vi er blitt medskuldige. Og ansvaret bør først og fremst bli lagt på den norske våpenindustrien som tener store pengar på denne krigen. Store pengar.

Død og lemlesting A/S

Våpenindustrien bør absolutt kunne bere det namnet. Det står veldig godt til det produktet dei produserer. Vi lever under paradokset sin himmel. Stadig vekk fordømmer våre politiske leiarar brot på menneskerettane utført av andre. Det på sin plass og bra.. Men på den andre sida tener Norge og andre NATO land store pengar på våpensal til land som driv krig og undertrykking.
Difor er det viktig at vi ikkje dømer våre politiske leiarar etter talemåtane. Vi må dømme dei etter deira handlingar.

Som kjent er våpenindustrien «Big Business» og må helst ikkje rørast eller rettast kritikk mot. I 2015 var freds nasjonen Norge den 6 største produsenten av våpen i verda (nrk.no 20/6 – 16).
Ein avdeling av Død og Lemlesting A/S er Nammo på Raufoss. Bak det flotte namnet skjuler det seg ei bedrift som produserer og eksporterer ammunisjon og forsvarsmateriell. Bedrifta er 50% eigd av den norske stat.

Artikkelen held fram nedanfor kartet.

Norge sel fortsatt i 2019 militært utstyr og komponentar til dei krigførande partane i Jemen sjølv om situasjonen er desperat for sivilbefolkninga. I følgje Redd Barna så døyr det folk heile tida av svolt, 11 millionar barn er avhengige av humanitær hjelp utafrå og 1500 skular er heilt øydelagt.

I staden for våpen må vi bry oss om folket sine behov. Folk i Jemen treng ikkje meir kuler og krut. Dei treng humanitær hjelp, mat, utdanning og kjærleik. Våre politikarar må straks innsjå dette og ta grep. Sal av våpen gjev pengar på bok, men det gjev oss ikkje reint samvit.

Norge som våpenprosudent er medskuldig

Norge som produsent av våpen er medskuldig i tragedien. Sjølv om vi hevdar at vi har stansa våpensalet til dei krigførande partane så er det ikkje korrekt. Vi sel framleis våpenkomponentar til fleire av landa i koalisjonen, mellom anna Emiratene (Dagsavisen 27/10–17). Det må stillast klare krav om at Norge stanser alt sal av ammunisjon og våpen til dei landa som deltek i krigen i Jemen.

Vi må grundig granske det som alt er selt og finne ut om noko er brukt slik at menneskerettane er krenka. Og sist men ikkje minst så må vi straffe dei bedriftene som står bak slikt sal og dermed er direkte ansvarleg for andre sin tragedie. Det skal ikkje lønne seg å tene pengar på andre si liding og død.

Sjølv om utanriksminister Søreide sa i Stortinget 9 januar i år at våpeneksporten til desse landa er liten, så er det ikkje godt nok. Ho har blitt pressa til å stogge nye eksportlisenser av A-materiell til Emiratene. Styresmaktene veit meir enn nok til å forby alt sal og ikkje berre seie nei til dei såkalla nye kontraktane. Eller er dei fanga av eige spel? Salet til Saudi-Arabia var på 41 millionar kroner i 2017. (VG 22/6–18).

Krigen er brutal. Koalisjonen bombar marknadsplassar, bryllaup og andre samlingar av sivile. Så katastrofen er menneskeskapt. Den er skapt av dei mest brutale diktaturland vi idag kjenner.
Og utan støtte frå Vesten kunne ikkje den Saudi-leia koalisjonen ha ført denne krigen så lenge. Det bør vere eit tankekors når vi hyllar fridom og menneskeverd.

Kongsberggruppen har kontor midt i «marknaden»

Vi kan nemne at den norske våpenprodusenten Kongsberggruppa har eige kontor i Riyad, Saudi-Arabia og i Abu Dhabi, Emiratene. Kva varer dei har treng man ikkje stor fantasi for å vite. Det er neppe fred, fridom og folk til folk relasjonar dei tilbyr.

Kva kostar ein tallerken med ris? Dei fleste av oss ristar på hovudet av eit slikt banalt spørsmål.

Ein gjer det fordi prisen hos oss ligg rundt ti kroner. Men for folk i Jemen er spørsmålet høgst relevant. For her prisen rundt kr 600. Det same som vi betalar for eit tre rettar måltid på ein finare restaurant.
Mat er blitt eit viktig våpen i denne krigen og folk svelt. Dette er dokumentert i det svenske TV programmet Konflikt (Sveriges Radio). Koalisjonen bombar systematisk gardar, dyr, infrastruktur for vatning, matbutikkar, marked og transport av matvarer. Klarare indikasjonar på at mat blir brukt som våpen kan vi vel ikkje få dokumentert.

Og det har gitt resultat. Vi har nå ei sveltkatastrofe som er den verste som verda har sett på mange år. Og vi ber eit tungt ansvar for det som skjer. Vi må slutte å marknadsføre vår verdsgalskap som inngrep for menneskerettar, utvikling og demokrati.

Tida er nå moden for å velje ei anna retning.

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre