18 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Trident Juncture 2018: Den største NATO-øvinga i Noreg på lang tid gjer landet vårt i aukande grad til eit mål for militære åtak og ein framtidig krigsskodeplass.

A10 thunderbolt.I tidsrommet 15. oktober – 7. november vil store delar av Noreg verta prega av den største militærøvinga i landet på mange år, Trident Juncture 2018 (TRJ18).

Trident Juncture er ei av NATO sine mest omfattande feltøvingar, og den andre øvinga av dette slaget skal i år gå føre seg i Noreg. Dette etter at norske styresmakter i fleire år har ytra ønske om at større militærøvingar skal leggjast hit. Krigslogikken til norske styresmakter er at det er positivt om USA førebur seg mest mogeleg på å hærta Noreg for at Noreg ikkje skal bli offer for det påståtte trugsmålet frå Russland.

Israel og Emirata skal «observera»

Det er så langt venta at 35 000 soldatar, 150 fly og 70 marinefarty vil delta i øvinga. TRJ18 vil medføra det høgaste talet på utanlandske soldatar i Noreg sidan andre verdskrigen. Dei største kontingentane med utanlandske soldatar vil koma frå USA, Storbritannia og Tyskland, men militære einingar frå alle NATO-land vil delta, samt eit mindre antal soldatar frå Australia, Jordan, Ukraina og Georgia. Israel og Emirata skal «observera».

I tillegg vil det vera til stades frå 1 til 5 observatørar frå mange av NATO sine såkalla partnarskapsnasjonar, og frå nokre land som ikkje har formell partnarskapstatus. Så langt er det kjent at det vil koma observatørar frå New Zealand, Aserbajdsjan, Bahrain, Irak, Egypt, Forente arabiske emirater, Marokko og Israel.

TRJ18 har som sentralt øvingsmål landsetting av utanlandske troppar og påfølgande feltøving av land-, sjø- og luftstridskrefter, etter Artikkel 5 i Atlanterhavspakta om «kollektivt sjølvforsvar».

Øvinga skal leiast frå NATO sitt operative hovudkvarter i Napoli, Italia. Det norske totalforsvaret skal òg øvast i denne samanhengen. Sivilt og militært embetsverk vil gjennomføra stabs- og kommandoplassøvingar både i for- og etterkant av øvingane i felt. Heimevernet, Sivilforsvaret og Politiet vil delta med mannskap innanfor sine ansvarsområde.

Øvingsområdet vil særleg omfatte fylka Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland og Hedmark. Mindre delar av øvinga vil gå føre seg på Island, men òg i dei formelt nøytrale landa Sverige og Finland, samt i Østersjøen.

Heile det norske luftrommet sør for Troms vil omfattast av øvingsaktiviteten. Utanlandske militærstyrkar vil landsettast i ulike hamnar i Oslofjorden, Møre og Romsdal og Trondheimsfjorden, samt koma inn med fly til Gardermoen, Rygge, Værnes og Ørland. Dette vert mykje logistikk, og store delar av landet frå Østfold i sør til Nordland i nord vil soleis verta omfatta av forflytting av store mengder soldatar og tungt militært materiell. Dette vil føra til at sivil ferdsel og aktivitet vert avgrensa, hindra og vanskeleggjort i oppmarsj- og øvingsområda under heile øvingsperioden.

Kostbare krigsløyvingar

Når den norske regjeringa bed inn til så stort og gildt selskap vert det heller ikkje billeg. Det er lagt inn ei løyving i statsbudsjettet for 2018 på 200 millionar kr for å dekka ekstrakostnadane i samband med TRJ18, men det ventast at den endelege rekninga vil koma på opp mot ein milliard NOK.

Baseerklæringa
Erklæringa var eit svar på sovjetisk uro av di Noreg skulle verta medlem i NATO. Ifylgje baseerklæringa fra 1. februar 1949 ville den norske regjeringa «ikke tiltre noen overenskomst med andre stater som innebærer forpliktelser for Norge til å åpne baser for fremmede makters stridskrefter på norsk territorium så lenge Norge ikke er angrepet eller utsatt for trusler om angrep.»
I februar 1951 og i september 1977 vart basepolitikken «presisert». Han skulle ikkje vere til hinder for utbygging av militære anlegg, forhåndslagring av militært utstyr, allierte øvingar på norsk jord og det som vart omtalt som kortvarige besøk av allierte fly- og flåtestyrker. No vert han uthola på nytt, men utan at styresmaktene vil medgje det.

TRJ18 er ei omfattande militærøving, men det som er endå meir alvorleg, er at ho inngår i eit mønster kor Noreg i stadig større grad vert eit militært oppmarsjområde for USA.
Frå tidleg på 1980-talet har det vore lagra store mengder med amerikansk militært utstyr i seks fjellanlegg i områda kring Trondheimsfjorden. Dette var lagre som skulle kunne halda 13 000 soldatar i strid i inntil ein månad. Desse lagra har i dei seinare åra vorte supplerte med meire moderne og tyngre utstyr, som stridsvogner, kamphelikoptre og jagarfly.

USA vil ha Værnes som europeisk hovudbase

Frå 2017 vart so 330 amerikanske soldatar frå US Marine Corps stasjonerte på Værnes i Nord-Trøndelag. Dette er i fylgje norske styresmakter eit «roterande treningsopplegg» for dei amerikanske soldatane som er stasjonerte der. I amerikanske media har det kome fram at det amerikanske marinekorpset vurderar å gjera Værnes til sin europeiske hovudbase. Trass i forsikringar frå den norske regjeringa om at det er ein norsk base under norsk kommando, planlegg det amerikanske marinekorpset ifylgje sin eigen offentleg tilgjengelege informasjon å byggja ny kaserne, nytt kommando- og kontrollsenter og diverse bygg for vedlikehald og lagring av utstyr innanfor området.

Vidare har det vorte kjent at amerikanarane vurderar å oppretta ein øvingsbase for inntil 400 soldatar på Setermoen i indre Troms. Norske styresmakter har så langt ikkje ønska å kommentera dette, men det er lite truleg at amerikanske militære styresmakter ville koma opp med eit slikt framlegg om det ikkje var førehandsgodkjend underhanda av den norske regjeringa.

På Ørland i Trøndelag har det allereie i fleire år vore base for nokre av NATO sine Boeing E-3/AWACS overvakingsfly, med mannskap frå ulike NATO-land. For få veker sidan vart det kjent at amerikanarane har løyva tilsvarande 90 mill kr for å byggja ut Rygge militære flyplass for å gjera han betre i stand til å kunne ta imot amerikanske og andre NATO-land sine jagarfly. I fyrste omgang planleggjast det å byggja ut fleire oppstillingsplassar og hangarar, til lagring og driftsmessig vedlikehald av alle amerikanske jagarflytypar.

Amerikanske basar i Noreg aukar fara for krig

Desse ulike amerikanske basane og installasjonane er eit brot med den norske basepolitikken frå 1949. Den norske regjeringa vedtok då landet vart med i NATO at det ikkje skulle vera stasjonert utanlandske soldatar i landet so framt det ikkje var krig eller det var overhengande fare for dette.

Utstasjoneringa av amerikanske styrkar på Værnes har òg som venta vakt sterke reaksjonar frå politiske og militære styresmakter i Russland, og har òg vorte møtt med ein viss skepsis frå svenske styresmakter. Slik er dette «roterande treningsopplegget» til det amerikanske marineinfanteriet i Noreg med på å skjerpa dei internasjonale motseiingane, og forsura det politiske tilhøvet mellom Russland og Noreg.

Eit faktum er at desse basane trekk Noreg tettare inn i stormaktspelet, og i amerikanarane sine militære planar og krigsscenarie. Ein konsekvens av dette er at vi i endå sterkare grad misser nasjonalt sjølvstende på det utanriks- og militærpolitiske området. Dette gjer landet vårt i aukande grad til eit mål for militære åtak, og til ein meir sannsynleg krigsskodeplass i åra som kjem.

Artikkel frå Revolusjon nr. 52 (1/2018).

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre