AWACS overvåkingsfly. Foto fra Wikipedia.AWACS overvåkingsfly.
Foto fra Wikipedia.
Under «den kalde krigen» og terrorbalansen mellom aust og vest gjekk landa i både NATO og Warszawapakta til krig som einskildland eller via stråmenn, no i tida etter har den vestlege militæralliansen vore aktiv deltakar i ei rad krigar på tre ulike kontinent. Frå å vera ein i namnet forsvarsallianse for land i Nord-Amerika og Vest-Europa har NATO på 2000-talet spreidd si militære og politiske aktivitet ut over størstedelen av verda.

Warszawapakta sitt samanbrot

Sovjetunionen braut organisatorisk saman som stat 35 år etter at staten politisk hadde opphørt å vera sosialistisk, og gjekk i denne mellomperioden over i aggressiv sosialimperialistisk lei og utvikla seg til eit diktatur over arbeidarklassen. Ved gjenforeininga av Tyskland i 1990 ga framståande amerikanske og vesttyske politikarar munnlege lovnadar til Gorbatsjov og russarane om at NATO ikkje skulle utvidast vidare austover enn til områda i det tidlegare DDR. Denne lovnaden har synt seg å vera usedvanleg lite verdt. I 1999 vart Ungarn, Polen og Den Tsjekkiske republikk medlem av NATO. I 2004 vart Bulgaria, Romania, Slovakia, Slovenia, og dei tidlegare Sovjetrepublikkane Estland, Latvia og Litauen tekne inn som medlemsstatar i NATO. I 2009 følgde so Albania og Kroatia etter som dei førebels siste medlemslanda inn i den USA-leia militæralliansen. Status mindre enn 20 år etter at Warszawapakta vart nedlagt er at samtlege gamle medlemsstatar der, utanom kjernelandet Russland, i staden har vorte medlem i NATO. I tillegg kjem fleire tidlegare delrepublikkar i Sovjetsamveldet og i Jugoslavia, samt Albania.

Potensielle nye medlemsstatar

NATO har etablert ei rad ulike sokalla partnarskapsprogram og avtaler med andre land. Fleire av desse skal fungere som ei førebuing og inngangsportal til at ulike land skal kunne takast opp som fullverdige medlem i allansen. Det er slike partnarskapsprogram for land i Nord-Afrika, Midt-Austen og i Sentralasia, samt for område i Sør-Aust Asia og Australia. I tillegg til desse partnarskapsprogramma, og fyrst i rekkja av søkarland, ynskjer Republikken Makedonia å verta NATO-medlem, og vil venteleg verta teken opp so snart ein namnekonflikt med Hellas er ute or verda. Ein annan faktor som òg kan komplisera dette medlemskapet noko, er at Makedonia de facto er eit land i borgarkrig og i stor indre uro. Montenegro og Bosnia og Herzegovina har òg søkt om medlemskap, og står for tur etter Makedonia.

To andre land, dei tidlegare Sovjetrepublikkane Ukraina og Georgia, har vidare uttrykt eit klårt ynskje om medlemskap i NATO, men her hindrar uløyste interne nasjonale strider/borgarkrig og konflikter med Russland dette. NATO har likevel aktivt støtta opp om dei sterkt høgreorienterte regima i desse to landa, og har hausten 2015 offentleggjort at alliansen skal oppretta eit militært treningssenter i Georgia.

Særleg verd å merka seg for oss i Norden er det planmessige arbeidet som NATO har lagt ned andsynes nøytrale Sverike og Finland, for å trekka desse nærmare alliansen. I båe landa har no òg leiande politikarar og tunge medieaktørar kasta seg inn i striden for å kasta vrak på den formelle nøytraliteten og søke medlemskap i NATO. Ulike ubåtepisodar i Austersjøen og russiske overflygingar over svensk og finsk territorium dei siste par åra har vorte brukt for alt dei er verd, og har forsterka tendensen til at opinionen har vorte meir positiv til NATO.

NATO sine krigar

Eit sentralt poeng ved opprettinga av NATO, og ikkje minst i propagandaen for NATO, er punkt 5 i Atlanterhavspakta. Dette punktet forpliktar alle medlemsstatane til kollektiv militær innsats om eit medlemsland vert utsett for militært åtak. Einaste gongen dette har vorte nytta, er av USA etter terroråtaket der 11. september 2001. Sjølv om dette var eit terroråtak på amerikansk jord utført av personar frå mange ulike land, gjekk NATO med Atlanterhavspakta sitt punkt 5 som grunngjeving, til militært åtak på Afghanistan.

Men NATO har teke del i krigar som militærallianse sjølv om medlemsstatane ikkje har vorte utsette for åtak òg  utanfor dei geografiske områda til desse medlemsstatane. Dette gjeld krigane i Jugoslavia, i Bosnia i 1992 -1995, og mot Serbia og i Kosovo i 1998-1999. Her deltok mellom anna norske spesialstyrkar på oppdrag for NATO. Vidare den nemnde krigen i Afghanistan frå og med 2001, kor Noreg har delteke med tusenvis av soldatar. Samt i Libya i 2011, kor m.a. norske jagarbombefly var særs aktive i bombinga og den totale øydelegginga av landet.

Overvaking og etterretningssamarbeid

Etter NATO sin invasjon av Afghanistan gjekk alliansen over i ein periode med stort fokus på den sokalla «kampen mot terror.» Dette fekk vidtfemnande politiske konsekvensar på mange område av samfunnslivet, og førte til ei kraftig opptrapping av ymse former for overvakings- og kontrolltiltak som fekk store følgjer for personvernet og ytringsfridomen over heile verda.

NATO utvikla og skaffa i denne perioden stadig nye middel og metodar for overvaking og etterretningsinnhenting. Noreg spelar ei viktig rolle i dette arbeidet, med m.a. dei seks Orion-flya som er stasjonerte på Andøya og som nyttast til maritim overvaking og antiubåtoperasjonar i nord. Ørland flystasjon i Sør-Trøndelag er ein av fem europeiske basar for NATO sine AWACS overvakingsfly, og tre av desse flya er fast stasjonerte der. Noreg deltar òg som eit av tretten NATO-land i eit prosjekt kor ubemanna droner vert nytta til overvaking og «informasjonsinnhenting».

På NATO sitt utanriksministermøte i Tyrkia våren 2015 vart det offentleggjort at NATO hadde inngått eit formelt etterretningssamarbeid med Sverike og Finland. Dette ved at det var innleia eit formalisert samarbeid mellom dei militære etterretningstenestene i Noreg og desse to nabolanda.

Militærøvingar og opprustning

Utover på 2000-talet skjerpa kampen om marknadar og kontroll seg meire i Aust-Europa, Asia og Afrika. NATO vart nytta som ein politisk og militær reiskap for vestlege, og då mest amerikanske, økonomiske interesser.
Etter utbrotet av borgarkrigen i Ukraina og den påfølgande russiske annekteringa av Krim, skifta NATO fokus meir direkte mot Russland. Militær etterretning og opprustning vart på ny prioritert.

NATO er verdas største militærallianse. Alliansen har til ei kvar tid omlag 3,4 millionar soldatar under våpen. USA står åleine for 75 prosent av den militære kapasiteten i NATO, og for omlag 37 % av verdas militære utgifter. Russland har til samanlikning ein ståande militær styrke på omlag 845 000 soldatar. I tillegg til dette kjem reservestyrkar.

NATO har som mål at alle medlemsstatar skal nytta minst to prosent av BNP på militære utgifter. Av medlemsstatane er det no USA, Storbritannia, Frankrike, Tyrkia, Estland, Portugal og Hellas som gjer dette. Regjeringa i Hellas fekk i denne samanhengen klår henstilling frå NATO sin generalsekretær Stoltenberg om at dei ikkje måtte redusera militærbudsjettet, trass i den økonomiske stoda som landet er inne i.

Som lekk i den militære opprustninga har NATO oppretta ein ny hurtig reaksjonsstyrke på 30 000 soldatar. Noreg er med i koordineringa av dette arbeidet, og skal delta med soldatar i denne styrken. NATO har vidare vedteke å oppretta seks lokale kommandosentralar i Aust-Europa. Estland, Latvia, Litauen, Polen, Bulgaria og Romania skal alle få lokale kommandosentralar med omlag 40 stabsoffiserar i kvart land.

Det har òg vorte iverksett ei rad større militærøvingar over store delar av Europa.

Denne øvingsverksemda har frå NATO si side særleg vore konsentrert om Baltikum og Aust-Europa, men òg Austersjøen og Nordkalotten har vore omfatta av dette. I månadsskiftet mai–juni pågjekk «Arctic Challenge Exercise 2015» over norsk, svensk og finsk territorium på Nordkalotten. Dette var reint formelt ikkje ei NATO-øving av di Sverike, Finland og faktisk Sveits deltok. Men Noreg hadde hovudansvar for øvinga, og USA, Storbritannia, Tyskland og Frankrike deltok òg med fly og mannskap. I juni skipa NATO til øvinga Baltops 2015 i Austersjøen, kor soldatar, fly og skip frå i alt 17 land tok del.

Som svar på desse øvingane drog so Russland i gang enno større militærøvingar på si side av grensa, frå Kola i nord til Svartehavet i sør.
Det kan i denne samanhengen vera verd å merka seg kva oberst Tormod Heier ved Forsvarets stabsskule uttalte om denne vestlege øvingsaktiviteten i eit intervju: «Øvingen kan føre til russiske reaksjoner, om Russland oppfatter den provoserende. Øvingen i seg selv er ikke tillitsskapende. Russland har blitt presset opp i et hjørne av NATO. Fra Finnmark til Krim er Russland omringet av vestlige allierte. Det må vi ha i bakhodet når vi skal forstå Putins reaksjoner.»

Fylgjer av opptrappinga

Denne kraftige opptrappinga i militær øvingsaktivitet har kome som eit resultat av politiske vedtak, men har òg i seg sjølv skapt eit kaldare og langt meire skjerpa politisk klima.

Det har ført til dårlegare nabotilhøve statar imellom, og til redusert kontakt mellom nasjonar og folk. Her til lands har dette fått særlege konsekvensar for Nord-Noreg. Ymse lokalpolitikarar i landsdelen har òg gått ut og åtvara mot denne utviklinga.

NATO-medlemskapet legg i det daglege kraftige føringar for det politiske handlingsrommet, og avgrensar demokratiet og den nasjonale sjølvråderetten. Noreg kan som medlem av NATO ikkje hevda sjølvstendige standpunkt eller ha ei uavhengig internasjonal røyst i tryggjingspolitiske spørsmål. Dette manglande sjølvstendet og handlingsrommet vert enno tydelegare når det politiske klimaet mellom stormaktene hardnar til, slik som tilfellet er no. Dette syner seg m.a. i spørsmålet om atomvåpen, kor Stortinget og norske stortingspolitikarar ikkje får høve til – eller våger – å stø eit framlegg frå Austerrike om forbod mot atomvåpen, av di dette er i strid med USA si militærdoktrine og dimed med Noreg sitt medlemskap i NATO.

Auka fåre for krig

Den militære opptrappinga i Europa førar i seg sjølv til auka sjanse for krig.

European Leadership Network, som er ein tenketank beståande av tidlegare regjeringsmedlem, høgare offiserar og diplomatar, og som blir leia av den tidlegare britiske forsvarsministeren Baron Browne of Ladyton, kom i august i år med ein rapport om det militære truselbiletet i Europa. Framleggjinga av denne rapporten førte til overskrifter som «Russia and NATO are actively preparing for war with one another.» R apporten synar m.a. til at tilhøvet mellom Russland og Vesten, med krigen i Ukraina som bakgrunn, har vorte monaleg forverra dei siste 18 månadane, samt at det har vore ei rad tilfelle av militær nærkontakt mellom NATO og Russland, og auke i omfang og storleik på militærøvingane i det euro-atlantiske området.

Rapporten konkluderar med at Russland førebur seg på konflikt med NATO, at NATO førebur seg på konfrontasjon med Russland, og at eskaleringa av ikkje førehandsmelde militærøvingar og utplassering av styrkar i seg sjølv aukar faren for krig.

Stoltenberg som generalsekretær

Jens Stoltenberg si utnemning som generalsekretær i NATO har endra den utanriks- og forsvarspolitiske stoda i Noreg til det verre. Det har ført Noreg heilt i front for utviklinga i NATO, har ført til aukande krigsretorikk i norske media og har ytterlegare vanskeleggjort det offentlege ordskiftet kring utanriks- og forsvarsspørsmål. Dinest vil det knyta Noreg enno tettare opp mot NATO/USA sine militære planar, føra til større norske militærutgifter og aukande deltaking i røvarkrigar og utanlandske militæroperasjonar. Dette vil vanskeleggjera tilhøvet vårt til land utanfor NATO, og utgjer i seg sjølv eit trugsmål mot norsk suverenitet.

Spydodd for imperialismen

Vi lever i imperialismen sin tidsalder med kapitalkonsentrasjon, monopol, utbytting, kamp om marknadar og krigar. Imperialismen førar til krig.
NATO er USA og dei vestlege kapitalistiske landa sin framste militære garantist for å halda på og auka marknadsandelane og profitten. NATO vil krig om det er naudsynt for å sikra sentrale politiske og økonomiske interesser for USA og dei store medlemslanda i alliansen.

Også den norske storkapitalen har etter kvart fått store økonomiske interesser over heile verda. Motytinga for at borgarskapen i Noreg vrakar nasjonalt sjølvstende og kryp for USA og dei vestlege stormaktene er at USA og NATO skal verna utanlandsinvesteringane til Statoil, Telenor, Yara o.s.b. Desse skal «tryggast» imot rettmessige nasjonale krav og framtidige folkelege oppstander mot utbyttinga av ressurser og folk frå norsk kapital si side. NATO-medlemskapet er såleis endå meir eit trugsmål mot arbeidsfolk i og utanfor Noreg enn det er mot imperialistiske rivalar som til dømes Russland.

Frå Revolusjon nr. 47, hausten 2015.

Personvern