Postkom frontet krav om veto mot postdirektivet.Også i Tromsø sto kampen for pensjonsrettigheter i offentlig sektor sentralt. I Oslo var det strålande vårvêr på 1. mai. Om lag 8500 var møtt fram på Youngstorget, noko som er eit av dei beste oppmøta på lenge. I Tromsø (biletet til høgre) var det ikkje finvér, men likevel større frammøte enn på fleire år. Over 1500 gjekk i toget.

KPml.no vart delt ut i Oslo, Stavanger, Tromsø og fleire andre stader i landet. Særskilt var pensjon i fokus mellom fagforbunda sine parolar i år, naturleg nok. Postkom markerte sterk motstand mot EUs 3. postdirektiv, eit direktiv som legg til rette for full liberalisering og trugar einskapsporto i Noreg.

Utfrå parolane er det klart at tenestedirektivet vert sett på som det største trugsmålet mot faglege rettar i dag og det som vil opna opp for endå meir sosial dumping. Det i sterk kontrast til dei sokalla «garantiane» frå Stoltenberg, som slett ikkje kan garantera kva EU og EFTA-domstolen vil leggja i tenestedirektivet.

I den internasjonale seksjonen var tamilane den absolutt største gruppa, om lag 2000! Mange nordmenn støtta òg opp om parolane deira for nasjonale rettar og mot folkemordet som den srilankiske regjeringa no sluttfører. Det same var tilfelle med parolane mot Israels okkupasjon av Palestina.

Kpml delte ut gratisbladet kpml.no fleire stader i landet, og inntrykket er at oppslutnaden kring 1. mai var god ikkje berre i Oslo.

Personvern