Lovendringsframlegget om overvaking av mobiltelefoni er ein politistat sin våtaste draum.

Storebror ser og hører. Overalt. Justis-og  vernebuingsdepartementet og Samferdsledepartementet sende 4. desember 2014 ut framlegg til endringar i politilova og ekomlova (lov om elektronisk kommunikasjon) på høyring. Departementa har tydelegvis hastverk, for framlegget vart sendt ut med stutt høyringsfrist, 23. januar 2015, og ikkje med tre månaders frist, som er det vanlege.

Allereie i dag driv norsk politi ulovleg overvaking, slik Aftenposten har avslørt i en serie oppslag.

Framlegget som vert presentert inneheld særs omfattande lovendringar når det gjeld politiet sine fullmakter og tilsvarande svekkjing av personvernet.

Endringsframlegga går lengre og opnar for fleire vilkårlege avgjerder enn dei tidlegare presenterte framlegga i Datalagringsdirektivet.

Mobilregulerte soner

Det mest sentrale endringsframlegget går på at det i lova skal gjevast høve til oppretting av sokalla «mobilregulerte soner» der all data- og mobiltrafikk kan overvakast og blokkerast. Dette tyder kontroll eller blokkering av all elektronisk kommunikasjon innanfor eit område, noko som vil medføra at alle telefonsamtaler og elektronisk kommunikasjon vert overvake eller umogleggjorde so lenge desse tiltaka er iverksette. Kontroll og overvaking av mobilsamtaler og annan elektronisk kommunikasjon kan t.d. gjerast ved oppsetjing av falske basestasjonar av same typen som Aftenposten for få månader sidan avslørte ved Stortinget, Akershus festning (der m.a. statsministeren og forsvarsministeren har kontor) og Aker brygge. Oslo politidistrikt, PST og NSM greidde visstnok ikkje å finna ut kven som hadde plassert ut og sett i drift alle desse falske basestasjonane i Oslo sentrum …

Ved blokkering eller jamming vil all telefon- og datatrafikk innanfor det gjevne området verta hindra, noko som ikkje berre vil hindra vanlege telefonsamtaler og naudoppringjing, men òg vil gjelda for t.d. overfallsalarmar, helsealarmar, heisalarmar, elektroniske driftssystem i industrien og overføring av andre formar for elektroniske signal.

Grunngjeving for at desse tiltaka skal kunna setjast i verk er «tungtveiende samfunnsmessige hensyn, forebygge straffbare forhold eller iverksette politi-operative tiltak.» I tillegg til førebyggjing av terror so vert det òg vist til ei rad andre paragrafar i straffelova som vil heimla bruk av denne lova om han vert vedteken i Stortinget, og paragrafar i straffeprosesslova som opnar for romavlytting, teknisk sporing og løynleg ransaking, og der bruk av heimlane i denne lova skal hindra at den som vert utsett for slik overvaking skal kunna varslast ved alarmsignal. Lovframlegget legg òg opp til at jamming av mobiltelefonar og elektroniske signal skal kunna nyttast ved forflytting av trugsutsette personer, som t.d. ved statsbesøk, Nobelprisutdeling og transport av særleg fårlege kriminelle.

Lovframlegget går òg inn for at jamming og kontroll av mobilsamtaler skal kunna nyttast i arbeidet med «å forebygge og stanse alvorlige ordensforstyrrelser». Det kjem tydeleg fram i ordlyden at det vert tenkt på større og militante demonstrasjonar, eller opptøyar som lovframlegget vel å kalla det, då det sidan heiter: «Bestemmelsen er ment kun å brukes i tilfeller hvor det er mer systematiske og større/alvorlige ordensforstyrrelser. Typisk vil dette gjelde ved store ulovlige organiserte opptøyer med potensielt voldelig utfall hvor det er helt nødvendig å kunne iverksette tiltak for å sikre liv og helse og verdier av stor samfunnsmessig betydning, og hvor det er nødvendig å blokkere kommunikasjon mellom de deltakerne som organiserer opptøyene. Bestemmelsen kommer ikke til anvendelse ved ordinære demonstrasjoner.»

Bryt med rettstryggleiken

Det vert òg sagt i grunngjevinga for lovendringane at «det må foreligge en konkret mulighet for at det kan skje alvorlige straffbare handlinger, men det er ikke krav om at det skal foreligge mistanke mot bestemte personer eller at eventuelle subjektive vilkår for skyld skal foreligge». Slike særs ålmenne formuleringar opnar for ei særs vid tolking av når desse verkemidla kan nyttast, og det vil slik ikkje vera mange mobilsamtaler i Noreg som ikkje vil vert overvakte om dette lovframlegget vert røyndom. I tillegg bryt dette framlegget mot dei vanlege rettstryggleiksgarantiane og personvernomsynet i samfunnet, og mot kravet om at det skal vera konkret mistanke og svært sannsynleg at ei kriminell handling har skjedd før straffeprosessuelle tiltak (som t.d. løynleg ransaking og mobilsporing) vert iverksett.

Det mest spesielle med dette lovframlegget, sett ut ifrå det som kan kallast ståstaden i ein rettsstat, er likevel at det går inn for at kompetansen til å avgjera iverksetjing av slike djuptgripande og omfattande tiltak mot folk som tilfeldigvis måtte halda til innanfor eit område, skal gjevast til politiet. Då i fyrste omgang til sjef i PST eller politimeisteren i det einskilde distrikt, men desse kan delegera dette vidare til ulike operative ledd nedover i kommandorekkja. I alle samanhanger som førar til inngriping mot ein eller fleire statsborgarar i Noreg har det no i 200 år formelt vore påkravt med domstolshandsaming, og at ein domar ser på og vurderer om det finst grunnlag og lovheimel. Dette kan nok òg i mange tilfelle ha vore ei relativt proforma handsaming, men det har likevel sikra ein viss overordna kontroll og krav til dokumentasjon for dei tiltaka som har vorte iverksette.

Om berre halvparten av alle dei vidtfemnande tiltaka i framlegget vert realisert, vil det jamvel innebera ei kraftig skjerping og legalisering av overvakinga og kontrollen i samfunnet. Om dette lovframlegget vert vedteke i Stortinget vil styresmaktene i Noreg ha lovgjeving på overvakingsområdet som kvar politistat i verda vil misunna dei.

Personvern