I dei seinare åra har dei tekniske høva til overvaking auka dramatisk.
Dette gjeld overvaking via bilete og film ved eit stadig aukande tal på kamera nær sagt overalt (forretningar, bensinstasjonar, trafikkknutepunkt, bomringar, i alle former for kollektivtrafikk, offentlege og private bygg, skular og undervisingsinstitusjonar, ute på gater og offentlege plassar). Det gjeld elektronisk overvaking av alle pengetransaksjonar frå konti, minibankar og ved bruk av kredittkort. Vidare gjeld det kontroll og lagring av data frå utalet av elektroniske inngangskontroll- og låssystem som er sette i drift i nær sagt alle offentlege og private verksemder. Det gjeld signalovervaking og lagring av trafikkdata for alle typar telefoni, epost og internett. Og det gjeld det stadig utvida høvet til informasjonsinnhenting og -samanstilling frå ymse slag offentlege og private per-son-opplysingsregister.

Overvaking i ly av 
«kampen mot terror»

Under ly av «kampen mot terror», serleg etter terroråtaket mot New York 11. september 2001, har alle moglege overvakingstiltak vorte legitimerte og sette i verk. Desse tiltaka har i serleg grad retta seg mot muslimar og politisk opposisjonelle miljø som på ein eller annan måte kan skuldast for å kunne setja i verk uønskte valdelege eller politiske aksjonar.

I tillegg til dei tradisjonelt  nasjonalt baserte overvakings- og etterrettingstenestene, har det vakse fram ein del inter- og overnasjonale etterrettingssystem som har styrkt høva til overvaking av einskildpersonar og  organisasjonar.

Echelon

Av desse «internasjonale» overvakingssystema er Echelon-systemet det eldste. Det omfattar utveksling av signaletterretting (tapping av radiosamband, telefoni og annan elektronisk kommunikasjon) mellom USA, Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand. Dette systemet har vore i drift sidan den fyrste fasa av «den kalde krigen» og vart opphavleg oppretta for å overvaka radio- og annan signalkommunikasjon i dei dåverande sosialistiske statane, Sovjetunionen, Kina og Aust-Europa.

Etterrettingsverksemda vert gjennomført ved at kommunikasjonsmønster gjennomgår serskilt analyse i kraftige datamaskinar  kor innhaldet so skannast for interessante søkeord. Meldingar som identifiserast av systemet som interessante, vert so kopiert for eventuell vidare analyse.
Systemet er i dag basert på at det skal gjennomførast total overvaking, noko som fører med seg at alle formar for elektronisk kommunikasjon, militært radiosamband,  telefonsamtalar, sms-ar, faksar, e-post og internettrafikk, skal kunne overvakast.  For å kunne gjennomføra denne forma for nitid overvaking, må ein gå ut frå at eigar av anlegg og tekniske system, eller dei som har tilgang til desse, gjev han som ynskjer å overvaka, fysisk tilgang til transmisjonsmidla. Dette gjeld i dei tilfella kor det ikkje nyttast informasjon frå overvakingssatellittar eller tradisjonelle militære lyttestasjonar. Echelonalliansen nektar sjølv å gje opplysningar om systemet sin eksistens og metodar. Det vert rekna som truleg at det er fleire land sine etterretningstenester som deltek i innsamling og utveksling av informasjon enn dei opphavlege deltakarnasjonane nemnd ovanfor. Tre land som har vorte mistenkte for å levera råmateriale frå signaletterretning til Echelon-nettverket utan formelt å vera medlem av dette, er Israel, Tyskland og Noreg.

EU sitt datalagringsdirektiv

EU har via sitt datalagringsdirektiv, (EU-dir. 2006/24/EF), som trådte i kraft 15. september 2007, pålagd  medlemsnasjonane å setja i verk sams tiltak for overvaking. Det offisielle grunnlaget for dette er å kjempa ned alvorleg kriminalitet og terrorisme. Dette direktivet var opphavleg tenkt som ein del av det indre justis- og politisamarbeidet i EU, men vart seinare gjort om til ein del av reguleringane for den indre marknaden, noko som tydar at det óg vil verta freista gjort gjeldande for Noreg og dei øvrige EØS-landa. På bakgrunn av dette arbeider Justisdepartementet og Samferdsledepartementet i Noreg med framlegg om ei slik lov til Stortinget.
EU sitt datalagringsdirektiv er sers omfattande og kjem med  pålegg om lagring av alle trafikkdata for e-post, alle former for telefoni og internett. Det gjeld registrering og lagring av brukar- identitetar, ip-adresser, telefonnummer, namn og adresse på abonnentar/registrerte brukarar til same, tidspunkt og dato for kommunikasjonen, kommunikasjonen sitt endepunkt  for epost og telefoni, lokaliseringspunkt (kva basestasjon som mobiltelefonen har nytta) ved mobiltelefoni. Denne informasjonen skal ifylgje direktivet kunne lagrast  mellom seks md. og  to år, om då det innsamla materialet ikkje skal nyttast til etterforskingsføremål. 
EU sitt datalagringsdirektiv er sterkt omstridt i Noreg, og det har frå mange hald vorte argumentert mot implementering av dette ut ifrå personvern-, rettstryggleik- og demokratiomsyn.

Svensk overvaking av all 
norsk internettkommunikasjon

Tegneren Latuff kommenterer den svenske FRA-loven. (CC)
Tegneren Latuff kommenterer den svenske FRA-loven. cc-lisens

Svenske styresmakter kan no i praksis overvaka all internettkommunikasjon mellom Noreg og utlandet. I mange høve kan òg annan elektronisk kommunikasjon mellom norske borgarar/institusjonar innetter i Noreg overvakast av svenskane.
Dette kjem m.a. klart fram i to rapportar laga av Datatilsynet og Post- og teletilsynet på oppdrag frå deira respektive departement; Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Samferdsledepartementet.

Bakgrunnen for dette er igjen å finna i «kampen mot terror» og har vorte nedfelt i ei svensk lov, den sokalla «Lag om signalspaning i forsvarsunderrättelseverksamhet» (FRA-lova), som vart vedteken av den svenske riksdagen i juni 2008, og som skal setjast i kraft frå 01.01.2009. Det er denne lova som gjev svenske styresmakter heimel til å leggja til rette for spaning på all elektronisk kommunikasjon som passerer den svenske riksgrensa. Døme på slik elektronisk kommunikasjon som dimed kan overvakast er e-post, internettenester og ip-telefoni.

Denne lova vart  utsett for sterk kritikk, og det vart på bakgrunn av dette teke initiativ til mindre endringar i lovteksten. Desse endringane vart likevel berre gjort gjeldande for å styrka personvernet til svenske borgarar, medan andre land sine innbyggjarar, t.d. norske, ikkje vart innrøma noko sterkare integritets- og rettsvern. Dei nye tilleggsframlegga rokkar heller ikkje ved det faktum at prinsippet om masseovervaking av ein heil folkesetnad utan grunn til mistanke om at noko kriminelt ligg føre,  framleis står ved lag. Dette bryt med alle hevdvunne prinsipp for kva som kan passera i det som vil kalla seg «ein rettsstat».

Det praktiske grunnlaget for at svenskane slik med lova i hand kan overvaka nesten all norsk internettkommunikasjon og mange norske telefonsamtaler, er at det meste av denne kommunikasjonen frå norsk side vert ruta via kabelsamband mellom Noreg og Sverike. I prinsippet vil også trafikken mellom to endepunkt i Noreg, altså norsk trafikk som korkje vert originert eller terminert i Sverike,  kunne måtte passera innom ein av FRA sine lyttepostar, dersom denne av tekniske omsyn vert ruta gjennom Sverike.
Det er det svenske «Forsvarets radioanstalt» (FRA) som på dette viset står for denne overvakinga av Noreg og norske innbyggjarar, og som kan medføra at so godt som all norsk både innanlandsk og utanlandsk tele- og datatrafikk kan verta overvaka av svenske styresmakter.  
FRA er i dag ein sivil etat underlagt det svenske forsvarsdepartementet. FRA vart oppretta i 1942 og oppgjev sjølv pr. idag å ha 650 tilsette og eit offisielt budsjett for 2008 på 568 millionar svenske kroner. Ifylgje svenske media planlegg FRA å tilsetja ytterlegare 250 personar med det fyrste.

FRA driv etterrettingsverksemd på oppdrag frå ei rad ulike offentlege etatar i Sverike, frå regjeringa og ymse delar av militærapparatet, til det svenske Tullverket.  Dei to kjerneverksemdene til FRA er idag ifylgje verksemda sitt føremål «signalspaning for å kartleggja utanlandske trugsmål mot Sverike,  stø svensk utanriks-, tryggleiks- og forsvarspolitikk» og «å stø statlege styresmakter og aksjeselskap i arbeidet med risikoanalysar og informasjonstryggleik».

FRA-lova har dimed i høgste grad relevans for personvernet til innbyggjarar i Noreg, av di den gjev svenske  styresmakter mandat i form av lov til å samla inn, lagra og handsama alle typar personopplysningar,  firma- og offentleg informasjon, om oss. 
Det vert med bakgrunn i denne lova etablert elektroniske murar langs den svenske grensa som fører til at all elektroniske kommunikasjon (e-post, ip-telefoni og internettenester) til og frå Sverike må gå gjennom definerte portar, kor denne kommunikasjonen so vert gjennomgått, analysert  og lagra. Det er her tale om sers kompliserte søkemåtar av teknisk og innhaldsmessig karakter, men som FRA altso ikkje vil gå detaljert inn på.

Alternativ til overvakinga 
frå Sverike

Nokre land, m.a. Finland, har reagert på denne svenske overvakinga ved at Telia Sonera valde fysisk å flytta sine serverar frå Sverike til Finland. Ein ville unngå at finsk innanrikstrafikk slik kunne overvakast av svenske styresmakter og dimed kunne utløysa brot på finsk lov og oppsnapping av finsk forsvars- og firmainformasjon. Den finske kommunikasjonsministeren uttala stutt tid etter at FRA-lova vart vedteke at finske styresmakter ville vurdera å gå ut med ei generell åtvaring til finske statsborgarar, primært i høve til at utanlandsk trafikk kunne bli overvaka av svenske styresmakter.

Alt landbasert samband mellom offentleg ekomnett i Noreg og ekomnett i andre land går via Sverike. Trafikken vert ruta via fire knutepunkt (Halden, Kongvinger, Stjørdal og Narvik), kor dei to sudlegaste formidlar hovedtyngda av trafikk mot utlandet, samt at desse òg inngår i norsk ringstruktur. Dei to nordlegaste knutepunkta har lågare kapasitet og nyttast difor mest for å tryggja redundans i sambandet mellom Nord-Noreg og det øvrige Noreg. Dei fysiske kablane som nyttast er dels eigde av Jarnbaneverket med Bane Tele AS som operatør, og dels av Telenor som eigar og operatør. Det er samarbeid mellom norske og svenske operatørar om gjensidig utnytting av fiberkablar på båe sider av grensa.

Om ein frå norsk side ønskar å ruta meir trafikk utanom svensk territorium, vil det i praksis kunne gjerast via fiberoptisk sjøkabelsamband over Skagerrak og Nordsjøen til Danmark og Storbritannia. Til sistnemnde land går det eksisterande sjøkabelsamband via offshore-installasjonane i Nordsjøen, som har ledig kapasitet, og dette kan soleis representera eit alternativ om ein ønskjer å ruta meir trafikk utanom Sverike. Rapporten frå Post- og teletilsynet går inn på dette, men nemner at dette vil vera ei kostnadskrevjande løysning. Satellittsamband er òg mogleg, då Noreg har to jordstasjonar for satellittkommunikasjon. Men denne kommunikasjonsforma er  kostbar, har klåre kapasitetsgrenser for overføring av store datamengder og nyttast difor i dag i lite omfang for vanleg telefoni og datakommunikasjon. Dessutan er det tradisjonelt slik satellittkommunikasjon som har vore gjenstand for den type signaletterretning som FRA og liknande organisasjonar tidlegare har utført. Ein måtte i so fall i tillegg etablera kraftige krypteringsprogram om denne kommunikasjonsforma skulle kunne gjerast noko tryggare.

Rettsstoda i andre land

Om ein skal sjå på desse alternativa, kabelsamband via Storbritannia og Danmark, so er rettsstoda når det gjeld overvaking i desse landa relevant.

Storbritannia: I Storbritannia er det «The Regulation of Investigatory Powers Act» (RIPA) frå år 2000 som offisielt regulerer styresmaktene sitt høve til overvaking. Denne lova er generell, som vanleg innanfor den britiske og amerikanske rettstradisjonen, og ho er difor vanskeleg å direkte samanlikna med den svenske FRA-lova.
I Storbritannia vil det vera Government Communications Headquarters (GCHQ) i Cheltenham, med offisielt omkring 8500 tilsette, som vil stå for den elektroniske overvakinga slik som FRA vil gjera det i Sverike.

Ein vid krins av personar og institusjonar, og heilt ned til styresmakter på lokalt nivå, kan søkja om iverksetjing av overvaking av fysiske personar og lokasjonar med heimel i RIPA-lova. Elektronisk kommunikasjon i kabel som kryssar riksgrensa til Storbritannia vil truleg verta gjenstand  for overvaking, ifylgje rapporten frå det norske Post- og teletilsynet. I britisk presse har det vore teke opp mange døme på overvaking som òg har gått utover dei føremåla som RIPA-lova gjev opp som legitime. Tryggare elektronisk kommunikasjon kan difor knapt oppnåast ved å ruta denne via Storbritannia.

Danmark: I grove trekk er det dei same krava som offisielt finst for at  kommunikasjonskontroll skal kunne gjennomførast frå styresmaktene si side i Danmark, som òg er gjeldande i Noreg. I Danmark er det politiet, og PET (Politiets Efteretningtjeneste) som står for kommunikasjonskontrollen. Det gjeld i hovudsak eit krav om eit visst straffenivå på brotsverket som det er mistanke om, og ein domar må tillata at kommunikasjonskontroll skal finna stad.

Danmark har ikkje noka tilsvarande lovgjeving som den svenske FRA-lova. Med generell heimel i «Retsplejeloven» vart likevel EU sitt datalagringsdirektiv (2006/24/EF av 15. mars 2005) gjennomført i dansk rett med verknad frå 15. september 2007. Difor vil det som tidlegare er omhandla når det gjeld  EU sitt datalagringsdirektiv, og dei omfattande pålegga om lagring, overvaking og analyse av all mogleg informasjon når det gjeld telefoni, internett og sms som dette gjev, i høgste grad òg vera relevant for Danmark. Høva for å oppnå tryggare data- og telefonikommunikasjon ved å la han gå innom denne jurisdiksjonen, vil difor vera illusoriske.

Overskotsinformasjon 
som bytemiddel

Overvaking frå ulike utanlandske system har alt i dag store konsekvensar for rettstryggleiken og personvernet til innbyggjarar i Noreg, noko som ytterlegare vert skjerpa ved FRA-lova og overvakinga ho legitimerer frå svensk side. Det er her verdt å merka seg at denne systematiske og frå svensk side offisielt sanksjonerte overvakinga er noko kvalitativt nytt. Dette i og med at den elektroniske kommunikasjonen mellom alle innbyggjarar og institusjonar vil verta overvaka med full støtte i eksisterande lovverk, og at det vert bygd opp ein omfattande infrastruktur for å kunne handsama gjennomgang, analyse og lagring av all denne informasjonen. Det som òg er serskilt med dei utanlandske systema, er at dei er totalt utanfor norsk kontroll, og at innbyggjarane i Noreg dimed har enno mindre kontroll enn ved den innanlandske overvakinga over kva informasjonen vert nytta til, og kva som hender med all den overskotsinformasjonen som vert eit biprodukt ved alt  overvakings- og etterettingsarbeid. Dei styresmaktene som har vidast fullmaktar til å overvaka, vil ha mest informasjon å bytta med andre etterrettingstenester. Den svenske regjeringa peiker sjølv på kva det tyder å ha eit godt og omfattande materiale å byta med andre land sine hemmelege tenester. Eit anna poeng her er det etterrettingsmessige «rustingskappløpet» som FRA-lova legg opp til. Når nokre land set i verk so omfattande overvakingstiltak, kan det verka «problematisk» for andre land ikkje å fylgja etter, for slik å skaffa seg like omfattande etterrettingsmessige bytemiddel. Storbritannia og Tyskland har sett i gang liknande lovgjevingsprosessar bygd over same lest som FRA-lova i Sverike, sjølv om desse visstnok ikkje er so vidtfemnande som den svenske lova. Samstundes er det eit vel kjend faktum frå overvakingsverda at fråvere av openheit og manglande lovheimel ulike plassar, ikkje treng tyda at overvaking ikkje finn stad. Slik utanlandsk overvakingsarbeid retta mot Noreg, norske interesser og innbyggjarar er i tillegg sterkt tvilsamt og vanskeleg å godta ut i frå eit nasjonalt integritets- og sjølvstyreperspektiv.

Overvaking og konsekvensane 
for den einskilde

Overvaking har i dei seinare åra vorte freista introdusert som eit middel for å sikra maksimal tryggleik i eit samfunn. Soga har likevel synt at overvaking fyrst og fremst har vorte nytta som eit instrument for å trygga innbyggjarane sin konformitet og lydnad ovanfor statsapparatet og dei rådande makttilhøva. I tillegg til den uttalde målsettinga om «kampen mot terror», so fører den skjerpa overvakinga til at den politiske kontrollen med den norske folkesetnaden vert strengare, høva for opposisjon og politisk kritikk vert gjort vanskelegare, personvernet og rettstryggleiken vert svekte, ytringsfridomen i røynda avgrensa og ymse delar av valdsapparatet får stadig vidare fullmakter. Alt dette er noko som i siste instans fører til at undertrykkinga av arbeidarklassen og politisk opposisjonelle miljø vert skjerpa. Den diktatoriske sida av det borgarleg-demokratiske diktaturet trer tydelegare fram.

Fyrst publisert i Revolusjon nr. 37, juli 2009

Personvern