SvalSat er et viktig nav for nedlasting av satelittdata til militære og sivile formål. CC BY Bernt Rostad | flickr
Rivaliseringa om Arktis skyt no fart. USA vil ha Grønland, medan Noreg – og NATO – strammar grepet kring Svalbard.
4. august i år var det 100 år sidan Svalbard offisielt vart norsk. I Paris vart det 9. februar 1920 som ei av mange avtaler etter 1. verdskrigen underteikna ei traktat som slo fast at Svalbard skulle tilhøyra Noreg, med «full og uinskrenket høihetsrett», men med ein del atterhald og avgrensningar.
Det var dei toneangivande imperialistiske sigersmaktene som dikterte dei ulike traktatane som vart inngått etter 1.verdskrigen, særleg Storbritannia, USA og Frankrike. Dette gjorde at Russland, kor det rasa borgarkrig i etterkant av revolusjonen, vart halde utanfor ved sjølve traktatutforminga, sjølv om russiske personlege og juridiske objekt òg var nemnt og innrømma rettar på line med signaturmaktene i traktatteksten. Andre og langt større imperialistmakter som Storbritannia og USA, utnytta òg Noreg si svake stilling og laga ein traktat som var eineståande i verda ved at Svalbard vart norsk territorium mest i namnet, medan innbyggjarane i alle traktatmaktene fekk like rettar til næringsverksemd og opphald på øygruppa.
Like rettar og avgrensingar
Dei viktigaste av desse avgrensingane i Svalbardtraktaten er at innbyggjarar og selskap i alle land som skriv under på traktaten skal ha like rettar til å driva fiske, fangst og økonomisk verksemd på øygruppa, og at det ikkje skal etablerast flåtebasar eller festningsanlegg der. Som det heiter i Svalbardtraktaten sin paragraf 9: «Med forbehold av de rettigheter og plikter for Norge som følger av dets tiltredelse av Folkenes Forbund forplikter Norge sig til ikke å oprette eller tillate oprettet nogen flåtebasis i de egne som er nevnt i artikkel 1. eller anlegge nogen befestning i de nevnte egner, som aldri må nyttes i krigsøiemed.»
Det er no i alt 43 land som er traktatpartnarar, av dei seinare som har skrive under er t.d. Kina og Nord-Korea, og innbyggjarane i desse landa har fylgjeleg lik rett til å opphalda seg og driva økonomisk verksemd på Svalbard. Som ein fylgje av dette gjeld ikkje norsk sosiallovgiving eller utlendingslov på Svalbard, men norsk privat- og strafferett og rettshandheving gjeld som elles i Noreg. Svalbardtraktaten er den siste og einaste av alle traktatane som vart inngått i etterkant av 1. verdskrigen som enno gjeld.
«Kalde kyster»
Svalbard har eit flateinnhald på 61022 kvadratkilometer, og i underkant av 3000 folk bur på øyene. Ca 52 % av innbyggjarane er norske statsborgarar, og det er i alt folk frå om lag 50 ulike nasjonar busette der. Antalet norske statsborgarar har vore synkande dei seinare åra, og antalet ventast avta ytterlegare etter at siste del av den norske gruvedrifta der vart avvikla den 30. juni 2025. Den nest største nasjonaliteten på Svalbard er russerar, som utgjer om lag 20% av folkesetnaden.
Namnet Svalbard har gamalnorsk opphav og tyder «kalde kystar». Namnet er fyrste gong registrert i islandske skrifter frå 1194, kor det heiter «Svalbardir funnin». I islandske landnåmsboka frå 1200-talet er òg Svalbard nemnt, men det er uvisst om dette er området som heiter Svalbard i dag. Den fyrste sikre oppdaginga med etterprøvbar geografisk henvisning til Svalbard vart gjort av nederlendaren Wilhelm Barentz i 1596, og han kalte området «Spitz Bergen». Det vart då oppdaga store førekomstar av kval og kvalross i området, og i dei neste hundreåra vart det drive utstrakt fangst av desse dyra, særleg av nederlendarar og britar. Seinare, etter at bestanden av kval og kvalross var mest utrydda, vart det drive pelsfangst av isbjørn, rev og sel på øyene, og dette då særleg av russerar og nordmenn. Fyrste registrerte pelsfangsten gjort av nordmenn på Svalbard var i årsskiftet 1795-1796, og frå siste helvta av 1800-talet vart det vanleg med norske skipsanløp og overvintringsfangst, særleg då av pelsjegarar frå Nordland, Troms og Finnmark. Svalbard var då «terra nullius», ingenmannsland, og var ikkje underlagt jurisdiksjon frå noko land. Utover mot slutten av 1800-talet var det røyster i Noreg som etterstreba å få området lagt inn under Noreg, samstundes som og russiske interessar gjorde seg gjeldande, og tilsvarande ville at området skulle tilhøyra Russland.
Kolgruvedrift og kald krig
I 1899 vart det funne kol på Svalbard, og det vart starta utvinning av dette i stor skala i tida før 1. verdskrigen. Etter at Svalbard vart norsk territorium i 1925 var det framleis kolgruvedrift og pelsfangst som var næringsgrunnlaget på øyene, og etter at amerikanske og svenske interesser vart kjøpte ut, var det berre norske og russiske selskap som dreiv verksemd på øyene.
Interessa for og den internasjonale rivaliseringa over Svalbard synte seg tydelegare utover på 1970-talet, då «den kalde krigen» for alvor òg kom dit. Då vart det for fyrste gong anlagt ein norsk flyplass på øyane, Svalbard lufthavn Longyear, noko som saman med etablering av ein av Noreg ikkje godkjent sovjetrussisk helikopter- og radarbase på Kapp Heer ved Barentsburg, førte til merksemd og gnissningar mellom Noreg og Sovjetsamveldet. På denne tida etterstreba norske styresmakter enno å halda seg formelt strengt til Svalbardtraktaten, slik at t.d. norske militære fly ikkje landa på eller flaug over Svalbard, at det norske Sjøforsvaret ikkje anløp øyene og sesjon av vernepliktige som budde på Svalbard skjedde i Tromsø.
Frå 1990-talet av byrja skip frå Sjøforsvaret regelmessig å vitja Svalbard
Når Kystvakten vart oppretta i 1977 så vart det gjort omfattande vurderingar frå norske styresmakter om denne kunne vitja og patruljera øyene. Styresmaktene fall etter lange betenkningar ned på at kystvaktskipa kunne nyttast òg ved Svalbard i og med at desse organisatorisk var underlagt Justisdepartementet og at dei hadde sivilt mannskap. Norske sivile og militære styresmakter si offisielle tilnærming til Svalbard og til etterlevinga av Svalbardtraktaten endra seg imidlertid tydeleg utover på 1990-talet. Dette skjedde, nok ikkje heilt tilfeldig, samstundes med auka norsk og internasjonal fokus og satsing på «nordområda». Skjerpa kamp om naturressursane hadde nådd desse områda, noko som òg norske styresmakter deltok i ved å etablera ei fiskerivernsone på 200 mil utanfor Svalbard allereie i 1977. Frå 1990-talet av byrja skip frå Sjøforsvaret regelmessig å vitja Svalbard og patrulje- og transportfly frå Luftforsvaret landa og patruljerte på øyene og havområda rundt. Dette vart då av norske styresmakter kategorisert som sivile oppdrag utført av Forsvaret ved Svalbard. Det vart ved nokre høve òg gjennomført sesjonar av vernepliktige i Longyearbyen.
Gruve 7 var den siste norske gruva i drift. Ho vart nedlagd somaren 2025. CC BY Bernt Rostad | flickr
Konflikt kring fiskeri og olje
Det er interessen for dei rike fiskeri- og antatte olje- og gassressursane ved Svalbard som har skapt mest konflikt når det gjeld tolkninga av sjølve Svalbardtraktaten. Han slår fast at personlege og juridiske subjekt frå landa som har underskrive traktaten har like rettar når det gjeld å utøva fiske, fangst og økonomisk verksemd på øygruppa og innanfor territorialgrensa på 12 sjømil rundt øyene. Striden står så langt mest om kontinentalsokkelen til Svalbard utanfor territorialgrensa på 12 nautiske mil frå kysten.
Svalbardtraktaten vart inngått lenge før internasjonal havrett og fiskeriforvaltning vart etablert, noko som førar til diverse uavklarte område i høve den gamle traktatteksten, og gjev følgjeleg høve til ulike tolkningar. Den norske posisjonen, stadfest òg i ein Høgsterettsdom frå 2023, er at kontinentalsokkelen til Svalbard ikkje omfattast av Svalbardtraktaten, men berre er underlagt vanleg norsk jurisdiksjon. Denne tolkninga er Noreg ganske aleine om. Ikkje berre Russland, men òg land som elles vert rekna som «allierte», som EU, Storbritannia og USA, er usamde i denne tolkninga, og hevdar ut frå sine økonomiske interesser at Svalbardtraktaten òg må gjelde for kontinentalsokkelen. Ei anna konfliktline går på nasjonalparkane, vernesonene og -tiltaka som Noreg har etablert, og som no samla utgjer 65 % av Svalbard sitt flateinnhald.
Miljøomsyn råkar Russland
Desse er i høg grad med på å redusera det røynlege høvet som personar og selskap har til å etablera næringsverksemd utover butikkdrift og turisme på øyene. Det vert, særleg frå russisk side, men òg frå andre hald, stilt spørsmål ved om nedstengjinga av norsk gruvedrift på Svalbard er eit ledd i framtidig forbod mot all gruvedrift på øyene, ut frå påståtte miljøomsyn. Dette vil då, slik stoda er no, berre råka Russland, og vil riva grunnen vekk under det russiske samfunnet på øygruppa. I det rådande internasjonale klimaet vil eit slikt vedtak frå norske styresmakter høgst sansynleg få støtte frå land som Storbritannia, Sambandsstatane, Tyskland og Frankrike, og vil sikkert ikkje møta protestar frå desse når det gjeld brot på Svalbardtraktaten.
Den alvorlegaste konfliktlina når det gjeld Svalbard er likevel den militær- og tryggjingspolitiske. Allereie i 1951, tett etter det norske medlemskapet i NATO i 1949, fann det stad ei noteutveksling mellom Noreg og Sovjetsamveldet knytta til militarisering av Svalbard. Noreg, med støtte frå toneangivande NATO-land, slo fast at Svalbard som norsk område ved krig var omfatta av tryggjingsgarantien til NATO nedfelt i Atlanterhavspakta sin artikkel 5. Det har òg ved fleire seinare høve kome kritikk frå Sovjetsamveldet, og dei siste 30 åra frå Russland, om at Noreg bryt Svalbardtraktaten ved etablering av militær verksemd og kapasitet på øygruppa. Dette skjedde no seinast sommaren 2025, og vart moglegvis også framprovosert ved at einskilde norske politikarar, som Dag Ulstein i KrF, tok til orde for fast norsk militær tilstadeværing på Svalbard. Utan at dette er direkte uttalt, så er det Svalbard satelittstasjon (SvalSat) som er hovudgrunnen for kritikk og uro frå russisk hald når det gjeld militarisering av Svalbard. Dette er ei uro som ut frå stoda i verda i dag òg burde delast av folk i Noreg.
Eit nav for satelittdata
SvalSat er verdas største kommersielle bakkestasjon for mottak av satelittkommunikasjon. Ut frå sin geografiske posisjon vil stasjonen dekke alle omløp som satelittar i polare baner har i løpet av eit døgn, og vil slik kunne ta nærbilete kor som helst på jordkloden. Satelittar i polare baner er særleg viktige for militære føremål. Alle dei tilsette i SvalSat er tryggjingsklarerte både frå Forsvaret og på NATO-nivå.
Alle tilsette i SvalSat er tryggjingsklarerte på NATO-nivå
SvalSat er formelt ei kommersiell verksemd som offisielt berre sel data til andre kommersielle aktører, og blant kundane er m.a. Romfartsbyrå som NASA og ESA. Det er likevel velkjend at informasjonen som samlast inn kan nyttast både til sivile og militære føremål, sokalla «dual use» på fagspråket. Eigaren av SvalSat er Kongsberg Satellite Services (KSAT) som er eit joint venture selskap mellom Kongsbergruppen (Kongsberg Defence and Aerospace) og Norsk Romsenter som kvar eig 50% av aksjene. Det var og er primært militære verksemder som står bak finansiering av satelittstasjonen og bruk av dei innsamla satelittdataene, og for alle som vil sjå er det opplagt at materialet som overførast til t.d. NASA går usensurert direkte vidare til ulike amerikanske etterretningsverksemder. Og like opplagt vidare derifrå til ymse samarbeidande tenester, som israelske Mossad. Kongsberg Satellite Services har òg bakkestasjonar ved Tromsø og Grimstad, og på den norske Troll-stasjonen i Antarktis, og kan slik ut frå sin posisjon nær båe dei geografiske polane samla og vidareformidla satelittdata frå heile kloden. I 2003 vart det lagt to undersjøiske fiberkablar mellom Longyearbyen og Harstad kor USA betalte ein tredjedel av kostnadane. Desse to fiberkablane frå Svalbard til fastlands-Noreg har tilnærma ubegrensa kapasitet til å frakte satelittdata og vidareformidla desse til kundar kor som helst i verda. Verksemda til KSAT er høgaktuell for militære føremål og som eit framskote ledd i stormaktsrivaliseringa på USA og NATO si side.
Trugar norsk sjølvstende
Gjennom NATO bidreg Noreg ikkje berre aktivt til auka militær spenning og opprustning, men utsett òg eiga folk og territorium for fare. At Svalbard aktivt er drege inn i stormaktsrivaliseringa gjennom verksemda til m.a. SvalSat aukar spenninga og er med på å destabilisera nordområda. Dette er ikkje berre alvorleg som manglande etterleving av Svalbardtraktaten, men er eit røynleg trugsmål mot det som har vore norske interesser og suverenitet på Svalbard. Den politiske lina frå norske styresmakter som aktiv medløpar for Sambandsstatane og NATO trugar i røynda norsk sjølvstende og freden i vår del av verda.
Artikkel frå Revolusjon nr. 67, hausten 2025.

