torsdag 2 desember 2021

kushagra kevat lock fence unsplash

Framlegget til portforbod er ledd i den aukande militariseringa av den borgarlege staten, ved dette høvet legitimert som smitteverntiltak.

Regjeringa sendte 6. januar ut eit høyringsnotat om framlegg til lovendring som vil gje heimel for innføring av portforbod i Noreg. Konkret går framlegget ut på å innføra ny § 4-3 b i Lov om smittevern som skal gje grunnlag for dette. Om denne lovendringa vedtakast i Stortinget vil det gje regjeringa høve til på nærmare vilkår ved forskrift å innføre portforbod i heile eller delar av landet i 21 dagar, deretter i nye periodar i 14 dagar av gongen. Det framgår av høyringsnotatet som at politiet skal handheva eit slikt portforbod, assistert av Forsvaret og Sivilforsvaret, jf. Bistandsinstruksen (Instruks om Forsvarets bistand til politiet).

Dette vil i tilfellet vera noko heilt nytt i norsk rettstradisjon, og strir klårt mot gjeldande lovverk. Portforbod har aldri tidlegare vore praktisert her i landet, med unnatak av det nazistiske okkupasjonsregimet under 2. verdskrigen

Portforbod vil vera eit særs inngripande tiltak, og vil i sterk grad innskrenka dei borgarleg-demokratiske rettane som er nedfelt både i Grunnloven og i dei internasjonale menneskerettane. Det vil strida mot både ordlyden og intensjonen i § 106 i Grunnloven, om at alle kan fritt ferdast innanfor grensene, jf. Grl. paragraf 94 om vilkårleg fridomsberøving. Det vil òg i vesentleg grad avgrensa forsamlings- og demonstrasjonsfridomen som er verna av Grunnloven § 101.

Vidare vil det slik òg strida mot Den europeiske menneskerettighetskonvensjon (EMK) artikkel 11 om møte- og forsamlingsfridom og same konvensjon sin tilleggsprotokoll 4 artikkel 2 om rørslefridom, samt FN sin konvensjon om sivile og politiske rettar, artiklane 2 og 13.

Desse internasjonale rettsreglane er òg gjort til direkte del av norsk lov ved Menneskerettsloven av 21.05.1999, og skal ved eventuell motstrid som underskriven internasjonal konvensjon ha forrang foran annan norsk lov.

Eit overvaknings- og disiplineringstiltak

Framlegget om portforbod kjem ikkje åleine, men føyar seg inn i ei rad med juridiske og politimessige overvaknings-, kontroll- og undertrykkjingstiltak som i dei seinare åra har vorte innført. Dette er ledd i den aukande militariseringa av den borgarlege staten, no ved dette høvet legitimert som smitteverntiltak, men har i røynda og i siste instans som føremål å verna makta til borgarskapet og det rotnande kapitalistiske samfunnet.

Det er verd å merka seg at det ikkje eksisterar noko smittevernfagleg forskningsmessig grunnlag for å innføra portforbod, eller prov på at dette vil fungera virusbekjempande, og dette tiltaket er langt frå det som slik kan reknast som forsvarleg og forhaldsmessig. Det vil utelukkande fungera som enno eit overvaknings- og disiplineringstiltak over det norske folket.

I tillegg finnast det allereie legalt høve til å stenge ned område og innføra kontrolltiltak som karantene og anna etter gjeldande smittevernlovgivning, jf. Smittevernloven § 4-1, kor høvesvis kommunestyret for den einskilde kommune og Helsedirektoratet for eit større område, har kompetanse til dette. Regjeringa vil med sitt nye framlegg at denne kompetansen til å erklære særskilte kontrolltiltak òg i dette tilfellet og portforbod skal liggja hjå dei, til liks med ei rad andre fullmakter som har vorte lagte til regjeringa ved Statsministerens Kontor (SMK) dei seinare åra. Dette er òg i strid med tidlegare praksis her i landet, kor ansvaret for ulike rådgjerder i hovudsak låg hjå ansvarleg kommune, fylke, fagdepartement eller verksemd.

Regjeringa har frå før av meir enn nok av vidtfemjande fullmakter, og dei treng ikkje få enno meire kontroll og makt over dagleg- og privatlivet til innbyggjarane her i landet. Det er difor viktig å slå attende dette sterkt inngripande framlegget til eit diktatorisk tiltak. Portforbod er eit udemokratisk kontrolltiltak, ikkje eit høveleg smitteverntiltak.