18 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

osvald-storsabotorenI oktober 2015 kom boka Osvald – storsabotøren Asbjørn Sunde, av Morten Conradi og Alf Skjeseth. Boka fekk mykje merksemd, vart omtala og debattert i NRK og riksmedia som Aftenposten, Dagbladet, Klassekampen og ei rad andre aviser.

Osvald. Storsabotøren Asbjørn Sunde.
Morten Conradi og Alf Skjeseth.
Samlaget 2015.

Grunnlaget for merksemda er at stoffet boka tek opp enno er kontroversielt og ubehageleg for rådande krefter i det norske samfunnet. Osvald-gruppa var den militært mest aktive motstandsgruppa i Noreg under 2 verdskrigen, og var òg det miljøet i landet som først reiste den politiske parola om at aktiv motstand var rett og naudsynt.

Boka gjennomgår innsatsen til Osvald-gruppa, og syner til mange av dei godt over 100 ulike militære sabotasjeaksjonane og likvideringane som gruppa utførte i tidsrommet juli 1941 til sumaren 1944. 35 medlemer i gruppa fall i strid med eller vart henretta av den tyske okkupantmakta i dette tidsrommet. Denne aktive militære motstanden sto i motstrid til den defaitistiske lina som regjeringa Nygaardsvold i London sto for, og offisielle norske styresmakter freista soleis lenge stogga Osvald-gruppa. Då den britiske regjeringa gjekk ut med oppmoding til sabotasje og militær motstand i dei okkuperte landa i Europa gjekk regjeringa Nygaardsvold først mot dette, og ville ikkje at ei slik line skulle iverksetjast i det okkuperte Noreg. Osvald-gruppa samarbeida gjennom heile sine eksistens med ulike delar av Milorg, og utførte m.a. ein del likvideringar og aksjonar som Milorgmannskapa ikkje ville eller kunne utføra sjølve.

Asbjørn Sunde var kommunist, til liks med mange andre av medlemene i organisasjonen. Han hadde før 2. verdskrigen braut ut vore friviljug soldat i Dei internasjonale brigadane i Spania i halvanna år. Han var ikkje medlem i partiet NKP, men hadde bakgrunn frå ein anti-fascistisk forsvars- og sabotasjeorganisasjon som Sovjetunionen si etterretningsteneste NKVD bygde opp allereie frå 1935, og som var leia av den tyske kommunisten Ernst Wollweber. Denne organisasjonen, som hadde det offisielle namnet Organisasjonen mot fascismen og til forsvar for Sovjetunionen, dreiv frå 1936 og frametter med sabotasje retta mot tyske og italienske handelsskip. Denne politiske og militære skoleringa var ein av hovudgrunnane til Osvald-gruppa sin suksess. Ho førte med seg motivasjon, organisasjonskunne og erfaring med illegale arbeidsmetodar som synte seg særs nyttige i kampen mot den tyske okkupantmakta.

Boka nyttar òg brei plass til forfølginga og overvakinga som medlemene av Osvald-gruppa vart utsette for av norske styresmakter etter krigen. Her er spionanklagene og rettssaka mot Asbjørn Sunde naturleg nok og omhandla, og ikkje minst det politiske bakteppet av NATO-tilknytning, kald krig og kommunistjakt som dette skjedde under. Arbeiderpartiregjeringa og Politiets overvåkingstjeneste (POT, det som seinare har vorte PST) var dei mest sentrale aktørane her. POT brukte mesteparten av sine ressursar gjennom fleire år på å overvaka Asbjørn Sunde og hans næraste krins, m.a. etter ordre frå dåverande justisminister O.C. Gundersen til nokre etterretningsoffiserar om at «Statsminister Einar Gerhardsen ønsker en spionasjesak på det nåværende tidspunkt». Boka syner det svake juridiske grunnlaget som prosessen mot Asbjørn Sunde var bygd på. Her siterast mellom anna representantar frå Forsvarets etterretningsteneste som under rettssaka uttalte at Sovjetunionen aldri ville ha nytta ein so kjend person og ein so kjend kommunist til å utføra spionasje eller til å byggja opp ein spionring, men at Sunde i staden sannsynlegvis planla ein ny sabotasjeorganisasjon til bruk i ein eventuell krig.

«Statsminister Einar Gerhardsen ønsker en spionasjesak på det nåværende tidspunkt».

Det politiske grunnlaget for rettssaka og domen mot Sunde vert ved lesing av boka mykje klarare.

Det faktum at Asbjørn Sunde og mange andre i Osvald-gruppa var kommunistar er hovudgrunnen til at motstandsarbeidet til gruppa vart fortia eller mistenkeleggjort. Det var først ved forskninga og dei påfølgande bøkene til Lars Borgersrud utover på 1990-talet at Osvald-gruppa og Pellegruppa sin aktive militære innsats på nytt vart løfta fram i ljoset. Dette skjedde dels i heftig polemikk med andre historikarar og leiande figurar innan det veletablerte miljøet som var bygd opp kring norsk okkupasjonshistorie. Morten Conradi har òg gjennom mange år jobba med desse spørsmåla og har tidlegare dokumentert Osvald-gruppa sin innsats gjennom to dokumentarfilmer. Det ligg eit omfattande arbeid bak Osvald – storsabotøren Asbjørn Sunde. Morten Conradi og Alf Skjeseth har intervjua gjenlevande medlemer og slektningar av Osvald-gruppa, vener og kjente av Osvald-gruppa sine medlemer, og ikkje minst folk som kjente eller var i kontakt med Asbjørn Sunde. Mengder av tidlegare forskning, dokumenter og ymse arkivmateriale har og tydelegvis vorte gjennomgått. Her er uunngåeleg å merke seg at ein del strukturar er gjenkjennelege, då PST nekta å avgradera og overlevera hemmelegstempla etterforsk-ningsmateriale frå saka mot Asbjørn Sunde til forfattarane av boka. Men når boka kom ut i fjor haust hadde PST tydelegvis ombestemt seg, og gjeve det tidlegare hemmelegstempla materialet til Dagbladet, som so kunne trykke ein lang artikkel kor skuldingane mot Sunde og miljøet han tilhørte vart gjentatt og utbrodert!

Boka gir eit inngåande og mangefasettert bilete av Asbjørn Sunde som motstandskjempar, kommunist og menneske, og ikkje minst av tida og samfunnet som han verka i. Ho er gjennomarbeida og veldokumentert, og gir ei balansert og nøktern framstilling av folk og tilhøve.

Stoffet vert presentert med ein roleg forteljarstemme, og der det høver ikkje utan humor og varme. Og tidvis er ho like spanande som Asbjørn Sunde si eiga bok «Menn i mørket».

Om du ikkje alt har skaffa deg eller lese denne boka, er det noko som du absolutt bør gjera!

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre