19 april 2024

Abonnér for kr 150,–

Vipps til 114366 eller bruk betalingskort

Oktoberplakat.Kommunistisk plattform feira nittiårsjubileet for Den russiske oktoberrevolusjonen med ope møte 6. november, dagen før den eigentlege årsdagen. Kring tjue personar møtte fram på Asylet for å læra meir om kva lærdomar vi som kommunistar i dag, kan ta med oss frå revolusjonen.

Møtet starta med litt frå Eisensteins film Oktober frå 1927. Jan R. Steinholt frå KPml innleidde om Oktoberrevolusjonen. Som dei viktigaste lærdomane, trakk han fram at arbeidarklassen må byggja si eiga statsmakt, proletariatets diktatur, at det er fullt mogleg å avskaffe utbytarklassane, og at det er naudsynt å byggja sosialismen sitt økonomiske fundament, òg i eitt enkelt land. Steinholt la òg vekt på at borgarskapen og imperialismen vil nytta absolutt alle midlar for å knusa sosialismen, men at den aller farlegaste fienden kjem innanfrå: Klassekampen vert skjerpa under sosialismen. Det vert ein dyr pris om vi skal måtte gjere alle klassens gamle erfaringar om att, slutta Steinholt. Det vart deretter eit godt ordskifte, som dels heldt fram over ein middag etter møtet. So vidt vi har konstatert, var det ingen andre som markerte nittiårsjubileet for verdas fyrste, proletariske revolusjon. Det fekk KPml ros for av fleire.

Ei litt pussig oppleving for mange var difor at gruppa Tjen folket hadde funne det rett å markera Oktoberrevolusjonen på nett dette møtet ved å dela ut eit eige nidskrift dei har laga mot KPml. Ein teoretisk kritikk og polemikk om andre spørsmål kunne dei ha reist på eit kva som helst anna tidspunkt. Det heile minna mest om ein provokasjon av trotskistisk merke. Om målet var å skade KPml, så var taktikken særs lite vellukka.

Òg publisert på frontlinjer.no

Gjeldskrise i det kapitalistiske Kina
Storbyen Guangzhou. Illustrasjonsfoto: Huramaul fra Pixabay Et av verdens største...
Les videre
Strømopprøret: Et rop om planøkonomi
Industriaksjonen, Nei til EU, Motvind Norge og andre krefter står sentralt i folkeopprøret mot...
Les videre
Kontinuerlig monopolisering i bank og finans
I norsk målestokk er Den norske Bank (DnB) en finanskjempe. Bankens oppkjøp av en brysom utfordrer...
Les videre
Fiktiv pengekapital og kryptovaluta
For mange framstår kryptofenomenet som mystisk og nesten uvirkelig. Vi tar en nærmere titt bakom...
Les videre
Finanskapitalen setter den globale politiske...
Lenins definisjon av imperialisme blir bekreftet til overmål når man observerer størrelsen og...
Les videre