Den plattforma som her vert presentert er å forstå som eit systematisert sett av synspunkt (teser) og er meint som utgangspunkt for diskusjon i den kommunistiske rørsla. Den er i høgste grad uferdig, og kan med fordel utdjupast og utvidast. mange av tesene kan verke sjølvsagde og banale for den &laqno;innvidde». Men også det &laqno;innlysande» bør seiast, og vi bør ikkje berre henvende oss til kameratar med lang &laqno;fartstid». Også banalitetar kan vere viktige! Det å uttrykke seg i tesar har både fordelar og ulemper. Omtalen vert mindre analytisk og kan lett få preg av overforenklingar og &laqno;evige», &laqno;absolutte» og abstrakte &laqno;sanningar». På den andre sida kan ei slik form vere nyttig reint pedagogisk; den kan verke klargjerande og strukturerande og vere eit godt utgangspunkt for drøftingar.
Plattforma inneber (frå forfattaren si side) ein freistnad på å gjere det implisitte eksplisitt - på å formulere &laqno;taus kunnskap» og &laqno;taus forståing». Utgangspunktet er subjektivt: Eigne refleksjonar som her vert delt med andre.
Forfattaren har ingen ambisjonar i retning av nytenkjing og originalitet, og har på eit fritt grunnlag henta inspirasjon frå ei rekke ulike kjelder. Det nye og originale ligg eventuelt i forma og konstellasjonen av synsmåter. desse er forholdsvis allmenne: Dvs. nokså uavhengige av tid og stad. Framstillinga byggjer formmessig på eit &laqno;knapphetsideal»: Ein freistnad på å ikkje bruke fleire ord enn strengt nødvendig. Forma er såleis prega av spissformuleringar. Elles er enkelte av tesene merkt av etisk og sosialpsykologisk tenkjing.
1. Den mest grunnleggjande verdi, meininga med livet, ligg i den kjempande humanisme: Kampen for eit samfunn der menneskeleg liding er redusert til eit absolutt minimum, og der menneskelege behov i størst mogeleg grad vert tilfredsstilt.
2. Vår tids menneske treng mål og meining med livet, og verdssamfunnet treng grunnleggjande endringar.
3. Målet er eit globalt system der alle yter etter evne og elle får etter behov, og der all undertrykking og utbytting er avskaffa (det klasselause samfunn).
4. Ein slik tilstand er ønskjeleg og mogeleg å oppnå.
5. Målet om det klasselause samfunn kan ikkje realiserast under kapitalismen.
6. Kapitalismen har ulike &laqno;andlet» etter produktivkreftene sitt utviklingsnivå, innslag av borgarleg demokrati og sosial velferd, men er uansett basert på utbytting av arbeidskraft og klassedeling.
7. Vår tids sosiale problem er menneske- og samfunnsskapte og eigentleg unødvendige.
8. Vår tids sosiale problem kan berre løysast av menneska sjølv via grunnleggjande samfunnsendringar, og dette er mogeleg.
9. Vår tid er kjenneteikna av ein veldig diskrepans mellom det mogelege og &laqno;tingenes faktiske tilstand».
10. Målet om det klasselause samfunnet fri for utbytting og undertrykking kan berre realiserast under kommunismen.
11. Kampen for kommunismen er eit langsiktig prosjekt.
12. Kampen for kommunismen (og for utvida demokrati og sosialisme) må nødvendigvis vere organisert og kollektiv.
13. Kampen for kommunismen må ta utgangspunkt i
14. Kampen for kommunismen må skje etappevis.
15. Etappemål 1 er utvida demokrati.
16. Etappemål 2: Sosialismen.
17. Etappemål 3: Kommunismen.
18. Ei fallgruve i den etappevise kampen for kommunismen er at ein vert så einsidig oppteken av problemstillingar knytt til utvida demokrati at dei meir langsiktige og overordna perspektiva og måla vert ignorert.
19. Andre fallgruver ligg i venstreekstremisme, venstresekterisme, venstrepopulisme, utopisme og voluntarisme.
20. Kommunistpartiet sin sosiale basis er arbeidarklassen og andre lag av folket som har interesse av grunnleggjande samfunnsendringar i demokratisk og sosialistisk retning.
21. Kommunistpartiet bør vere romsleg og ope for mange: For alle som vil kjempe for vårt mål og som aksepterer fleirtalsavgjersler (jfr. demokratisk sentralisme).
22. Arbeidarklassen veks i antal på verdsbasis. I dei høgt utvikla kapita-listiske landa vert arbeidarklassen redusert i antal og får ei anna samansetning. Det betyr likevel ikkje nødvendigvis at arbeidarklassen får redusert betydning som samfunnsmessig kraft.
23. Den kommunistiske lære må vere vitskapleg.
24. Kommunismen må vere verdibasert.
25. Den kommunistiske lære må vere levande, dynamisk og sjølvkorrigerande.
26. Den kommunistiske rørsla må ha absolutte ideologiske ankerfeste og klare definitoriske kjenneteikn.
27. Kommunistrørsla sine absolutte ankerfeste og definitoriske kjenneteikn må vere:
28. Kommunistane sitt organisasjonsprinsipp må vere demokratisk sentralisme, dvs. at eit mindretal må rette seg etter fleirtalsvedtak etter grundig demokratisk behandling og at lågare partiorgan må rette seg etter vedtak fatta av høgare organ i partiet.
29. For at demokratisk sentralisme skal fungere tilfredsstillande må dette organisasjonsprinsippet praktiserast ytterst demokratisk og på ein romsleg måte.
30. Partiet må i særskilde tilfelle ha høve til å dispensere frå kravet om at alle skal rette seg etter partivedtak.
31. Dagens samfunn er statsmonopolkapitalistisk. Verda er prega og dominert av dei transnasjonale monopola. Den einaste måten å vinne kontroll med kapitalkreftene på, og oppnå demokratisk styring, er å mure kapitalismen inne innanfor rammene av nasjonalstaten. Det må derfor byggast opp tollmurer. EU er ikkje styrbar, og gjev kapitalkreftene fritt spelerom. Slike styrbare økonomiske einingar er eit nødvendig vilkår for å løyse miljøproblema og avskaffe arbeidsløysa. Dei økonomiske murane betyr ikkje isolasjon. Globale miljøproblem må løysast av landa i fellesskap. Økonomiske murar forhindrar ikkje internasjonalt samarbeid for fred og tryggleik og øydeleggjer ikkje for kulturell og personleg kontakt over landegrensene. Tollmurane vil redusere handelen mellom landa og den økonomiske veksten, og vil innebere større grad av sjølvberging. Dette vil gje store miljøfordelar.
32. Sovjetunionen, Kina og landa i Aust-Europa var sosialistiske før dei siste omveltningane i den forstand at det offentlege eigde produksjonsmidlane.
33. Desse samfunna var progressive i den forstand at dei representerte eit brot med kapitalismen og imperialismen.
34. Andre positive sider ved desse samfunna var at grunnleggjande velferdsordningar som arbeid, gratis helsetilbod og utdanning var sikra for alle, støtte til frigjeringsrørsler og fredspolitikken.
35. Dei viktigaste veikskapene ved desse samfunna var manglande respekt for dei sivile menneskerettane, manglande demokrati, ineffektivitet og miljøøydeleggjingar.
36. Årsakene til at realsosialismen ikkje lykkast betre var at sosialismen vart innført i land med lite utvikla produktivkrefter og manglande demokratiske tradisjonar, interne veikskapar (sjå pkt. 35) og eksterne faktorar (kald krig/rustningskappløp, økonomisk krigføring frå vestlege land o.a).
37. Det var rett av dei kommunistiske partia i den kapitalistiske verda å støtte dei sosialistiske landa, men feil å unnlate å kritisere desse samfunna for unødvendige brot på sosialistiske, demokratiske, humanistiske og økologioske prinsipp.
38. Kommunistrørsla sine viktigaste lærdommar og korreksjonar etter overgangen frå sosialisme til kapitalisme i dei tidlegare sosialistiske landa må vere:
39. Den internasjonale kommunistrørsla si historie er ei historie om både sigrar og nederlag, framgang og tilbakeslag, sosiale og menneskelege kvalitetar (oppofring, solidaritet, engasjement, mot, kameratskap) og negative avvik (fanatisme og ekstremisme, øydeleggjande indre strid, svik). Denne historiske tradisjonen kan førast tilbake til rørsler som har kjempa for sosial rettferd i førindustriell/førkapitalistisk tid.
40. Kommunistane vedkjenner seg si historie, vil trekke lærdommar av denne historia og vil byggje vidare på det beste i denne historiske tradisjonen. Det beste i den kommunistiske arven ligg i den ueigennyttige, solidariske og prinsippfaste kampen for eit betre samfunn som særleg har kjenneteikna grasrota innan kommunistrørsla.
41. Kommunistrørsla vil likevel ikkje drive botsøvingar og endelaus og altoppslukande sjølvkritikk etter oppfordring og krav frå borgarskapet, og på herskarklassen sine premissar.
42. Kommunistrørsla bør ikkje skifte namn og symbol før heile den inyternasjonale rørsla er samd om eit betre alternativ.
43. Kommunistrørsla treng eit utvida etisk fundament som også må gjelde enkeltindivid, mellommenneskelege relasjonar og mindre grupper (&laqno;den nære etikk»).
44. Kommunistrørsla må ta eit oppgjer med &laqno;hensikten helliger middelet»-tankegangen.
45. Det er mange subjektive barrierer i kampen for kommunismen, men desse kan overvinnast.
46. Kommunistar bør organisere seg betre på tvers av landegrensene, og byggje ut kontakten seg i mellom.
For ei sterk og velorganisert kommunistisk verdsrørsle tufta på marxismen-leninismen og demokratiske, økologiske og humanistiske verdiar!