atomeksplosjonKlokkene i Hiroshima stansa på litt over 8 den 6. august 1945. Livet gjorde det same og for manne-slekta blei det eit skilje. Før og etter.

Eit fly hadde kome inn over byen i ei høgd av 25 000 fot og slept ei bombe. Men ikkje ei slik som folk hadde blitt så vane med dei siste fem åra. Denne eldkula var enorm og kunne ha blitt sett frå ein annan planet dersom det hadde vore vitne der. Temperaturen kom ein augneblink opp i 7000 grader celsius og menneske brann levande opp i ein radius på 4 kilometer frå nullpunktet. 140.000 menneske dør momentant og seinskadar fører talet på offer opp i over 250.000.

Dette var ei atombombe, verdas første. Slept av amerikanarane for å teste ny teknologi, Vise styrke og audmjuke ein allereie slagen fiende. Seinare blei dette gjenteke over Nagasaki og dermed var standard sett.

Hausten 2017 fekk Den internasjonale kampanje for forbod mot atomvåpen (ICAN) sin fredspris. Vi stiller oss i gratulantane sine rekker. For ein gongs skuld gjekk prisen til ein organisasjon som vil ha nedrusting i verda.

Dei har i ei årrekke jobba mot atomvåpen og arbeidet blei krona med siger i juni 2017 då FN vedtok ei avtale om å forby desse våpna. 122 land slutta seg til og dersom 50 land ratifiserer blir den bindande internasjonal rett.

Kjernefysisk krig er det største trugsmålet mot menneskeslekta og dei aller fleste land har innsett alvoret. Overlevande frå Hiroshima og Nagasaki har vore frontfigurar for ICAN i dette viktige arbeidet

NATO står i vegen

Norge har ikkje delteke i prosessen mot atomvåpen. NATO står i vegen. På nyåret 2015 blei norske styresmakter kontakta av den amerikanske ambassaden. Meldinga var klar. Norsk deltaking i arbeidet med forbod mot atomvåpen er i strid med NATO-medlemskapen.

Etter det har den norske regjeringa tala med to tunger. På den eine sida ynskjer vi å framstå som fredsnasjon. På den andre støttar vi NATO sin atomvåpenstrategi som det lydige medlem vi er. Vi vil ikkje inngå nokon avtale som vil svekke NATO. Då får omsyn til mennesket kome i andre rekke. Og det betyr å gje støtte til til førstebruk av atomvåpen. Eit kjernefysisk ragnarok som ingen vil overleve.

Det er stormaktene som sit på det store arsenalet av kjernefysiske stridsmidlar og då først og fremst USA og NATO. Alliansen blei danna kort tid etter andre verdskrig for å kunne blokkere for ein russisk invasjon i Vest Europa. Men dette var ikkje Sovjet sin intensjon.

Då landet blei oppløyst i 1990 følgde NATO ikkje med. I staden fekk vi den nye «out of area» strategien og alliansen blei innblanda i sin første krig. Det var på Balkan i 1999. 

Er NATO døyande?

Trass i sin militære styrke så ligg det ei intern krise latent innafor samarbeidet. Eit moment er at NATO er eit verktøy for USA og ikkje minst er alliansen avhengig av deira leiarskap. Når så USA fekk ein administrasjon som viste mindre interesse, måtte andre og inkompetente ta ansvar. Ville NATO nå gje seg ut på nye krigseventyr?

Den nye franske presidenten, Macron, kom så på banen med eit pro-amerikansk bodskap. Men det gjekk ikkje lang tid før han kom ned på jorda. Forholdet til Russland blei normalisert gjennom besøk i Moskva og Frankrike ville ikkje gje sin tilslutning til USA sine nye sanksjonar mot Russland og Iran. Så kom meldinga: «Assad kan bli». Tyskland og Merkel fjerna seg frå USA på G20 møtet i Hamburg i mai 2017.

Dei europeiske leiarane rir heilt tydeleg to hestar. Den andre er å danne ein EU-hær som på sikt kan erstatte NATO.

Europa kan på sikt bli ein upåliteleg alliert for framtidig amerikanske krigseventyr. Eit scenario er då at USA vil knytte seg nærare sin allierte i Midtausten, Israel og Saudi Arabia. Kanskje får vi på sikt ein meir privatisert amerikansk hær basert på leigesoldatar.

Norge har stått på sidelinja i denne utviklinga. I staden er vi lojale overfor USA. Det er grunnen til at vi ikkje har delteke i arbeidet med forbod mot atomvåpen. Og vårt forsvar rettar seg meir og meir inn på å vere ein del av NATO sine operasjonar i andre land.

Difor er tida overmoden for å sette søkelys på norske styresmakter si rolle. Vi støttar førstebruk av atomvåpen.

Alle veit kva som skjedde morgontimane i august 1945. Den gong var det to japanske byar som var målet. Men det kan skje igjen på andre av verda sine scener. Risikoen for det er større i dag enn nokon gong.

Fleire atommakter har entra arenaen og talet på kjernefysiske bomber har passert 25 000. Difor må vi ikkje sove lenger …