Imperialistane prøver enno ein gong å manipulera verdsopinionen for krig

IS og Nusrafronten gler seg over det amerikanske rakettåtaket. Ill.: CC-BY Carlos LatuffStraks president Donald Trump ga ordre om krigsåtak på Syria, vart han brått populær hjå alle dei europeiske statsleiarane som lenge har kritisert han for å vera ustabil,  uansvarleg – og farleg.

70 menneske skal ha mista livet 4. april som følgje av forgifting i byen Khan Sheikhun i Idlib-provinsen i det nordlige Syria. Byen er kontrollert av «opprørarar», det vil seie al Qaida i Syria, Tahrir al-Sham (tidlegare Nusrafronten). Det blir omtala som eit gassåtak utløyst av syriske bombefly, og det vart først hevda at gassen var sarin. Ingen kan stadfesta om det er snakk om gassbomber eller konvensjonelle bomber som traff eit gasslager. Bilete frå åstaden synte at al-Qaidas PR-tropp Dei kvite hjelmane sto bøygd over ofra utan hanskar. Dersom det var snakk om nervegassen sarin ville dei ikkje ha overlevd.

– Det ser ut til at de prøver å finne et påskudd for å angripe Syria, sier den tidligere britiske ambassadøren til Syria.Trump sin utanriksminister Rex Tillerson la straks ansvaret på Syrias president Assad. Det same gjorde EU og Storbritannias statsminister Theresa May. May sa at «jeg oppfordrer alle involverte parter til å sikre en fremtid uten Assad». Etter U-svingen frå Trump-administrasjonen i Syria-spørsmålet, har klakøren Børge Brende snudd frå anerkjenning av den syriske regjeringa i førre veke til på ny å understreka at Assad «ikkje er ein del av eit framtidig Syria».

Gassutsleppet kom same dagen som EU heldt ein konferanse i Brussel om unionen sin meir aktive rolle i Syria. I ei fråsegn i forkant av konferansen uttalte ministerrådet «at varig fred i Syria ikkje er oppnåeleg under det noverande regimet».

To dagar seinere, natta til 7. april, kom rakettåtaket på den syriske flybasen al-Shayrat utanfor byen Homs. Totalt vart 59 kryssarrakettar skutt mot den syriske basen. Det syriske nyheitsbyrået SANA melder at ni sivile vart drepne, mellom desse var det fire born.

– Det sterke og klare budskapet
fra president Trump har vært til stor
hjelp, og nå ser vi at ting beveger
seg i riktig retning.
NATO-boss Jens Stoltenberg
i møte med Donald Trump 13.04.2017

NATO, Tyrkia og Saudi-Arabia hyller den amerikanske aggresjonen, medan Russland og Bolivia har brakt angrepet inn for tryggingsrådet i FN. Noreg stiller seg som venta bak USA sin aggresjon.

Den offisielle grunngjevinga for rakettåtaket er at kjemiske stridsmiddel vart brukt i Idlib tidlegare i veka, sjølv om det ikkje er dokumentert kva slags gass det dreide seg om eller kven som stod bak. Syriske militære har ved fleire høve sagt at dei aldri vil nytta kjemiske våpen, ikkje ein gong mot terroristane frå IS og Nusrafronten, og avgjort ikkje mot sivile. Det har dei logisk sett heller ikkje noko å vinna på, korkje lokalt eller i verdsopinionen.

Regjeringa i Damaskus har alt å tape på å ta ein slik risiko. Den syriske hæren er på offensiven over det meste av landet, og har stor framgang. Damaskus veit vel at USA og vestmaktene i fleire år har leita etter – eller sjølv skipa –påskot for å gå til ope åtak, og ikkje berre gjennom sine leigesveinar på bakken. Det er Syria og Russland som har kravd gransking av kva som har skjedd, ikkje vestmaktene som har trekt konklusjonen på førehand. Sist, men ikkje minst, har hendinga i Khan Sheikhun truleg satt bom for fredsdrøftingane i Kazakhstan i regi av Russland, Tyrkia og Iran. No er Tyrkia attende i USA sin fold.

Fakta er uønska

Men for vestlege massemedia er enkel logikk og kritisk tenking bannlyst. Det gjeld ikkje minst for norske medier som Dagbladet, VG og NRK. Desse har nyss oppretta ei side kalla Faktisk. Ho skal «bidra til å utvikle den faktasøkende og kildekritiske journalistikken», utan at det har hatt nemneverdig verknad på redaksjonane. Desse tre mediene opptrer no som før som reine ekkokammer for amerikansk propaganda og gidd ikkje ein gong avventa at FN-organet OPWC skal undersøka nettopp fakta kring gassutsleppet.

Ingen av gassangrepa tidlegare i krigen er blitt ført tilbake til den syriske regjeringa. Tvert om stadfesta Carla del Ponte i FN-kommisjonen for Syria i 2013 at ho vart overraska over at det var «opposisjonen» som hadde brukt sarin. Etter vedtak i FNs tryggingsråd var Noreg aktivt med på å destruere dei kjemiske våpenlagra i 2014.

Det vi veit er at det framleis finns kjemiske våpen i Syria. Den syriske «opposisjonen», det vil seie terroristorganisasjonar av typen Nusrafronten og IS, sit på lagre av kjemiske våpen. Nokre av desse lagra stammer frå Libya, etter at dåverande utanriksminister Hillary Clinton ga klarsignal til at Sarin-gass kunne skipast til syriske opprørsstyrker etter at Gaddafi var styrta og drepen av NATO i oktober 2011. Andre kan ha blitt erobra frå syriske lagre i ein tidleg fase av intervensjonskrigen i landet. Truleg har konvensjonelle syriske rakettar treft eit opprørskontrollert lager med eit eller anna kjemisk våpen. Det gjer sjølvsagt ikkje tragedien mindre for dei som vart råka.

Hemn for audmjukinga i 2013

Det var på nippet at det vart amerikansk åtakskrig på Syria i 2013. Russisk diplomati og brei krigsmotstand i USA, Storbritannia og Frankrike stogga krigen som president Obama og den britiske statsministeren David Cameron hadde lagt opp til i september 2013. 

Nå er dei i gang igjen. Som det vart skrive i vår artikkel En uhellig krig mot Syria:

«På et eller annet tidspunkt og på et eller annet vis vil det bli funnet – eller regissert – et nytt påskudd for å straffe Assad-regimet for reelle eller påståtte krigsforbrytelser.  Det vil skje uansett om Damaskus etterlever en avtale om å avhende sine kjemiske våpenlagre til punkt og prikke.»

Dei militære haukane og en gamle eliten i Washington har lagt kraftig press på president Donald Trump for at han skal snu i forholdet til Russland og Syria. Skuldingane har hagla om at han og kampanjestaben hans har hatt tette band til Russland. Fleire av Trumps nære medarbeidarar har blitt pressa til å gå av, mellom anna general Michael Flynn som nasjonal tryggingsrådgjevar, og Trump kjenner at det brenn under føtene på han.

Gjennom missilangrepene viser presidenten at han «tør» å konfrontere Russland sjølv om det inneber ei livsfarleg opptrapping av konflikten i hele regionen. Eit EU som møttes i freistnad på å samordna seg kring ein meir offensiv militær- og utanrikspolitisk strategi, blei parkert på sidelina.

Ei åtvaring til Kina

Trump hamra laus mot Kina under heile presidentvalkampen, medan han la an ei meir forsonleg tone i høve til Russland. Under det første toppmøtet mellom USA og Kina har Trump-administrasjonen synt den kinesiske leiinga at USA ikkje er redd for å bruke musklane sine. Åtaket på flybasen i Syria skjedde nett medan den kinesiske presidenten Xi Jinping var på offisiell vitjing hjå president Trump i Florida. Under normale diplomatiske omstende ville eit slikt åtak i det minste vorte utsett ein dag eller to.

Samanfallet i hendingar syner kor hardt USA vil pressa Kina til å slå handa av Nord-Korea. Kinesarane ser ut til å ha bøygd av på nokre område, m.a. ved å stogge importen av kol frå Nord-Korea, noko som råkar den nordkoreanske økonomien særs hardt. USA har iverksett ei kraftig opptrapping av dei militære provokasjonane ved den koreanske halvøya, både til lands og til havs. Det kjem òg rapportar om at Kina har sendt 150 000 mann til grensa mot Nord-Korea. Det kan tolkast både som eit press mot Pyongyang og som eit førebuande tiltak for å forsvare nabolandet mot eit amerikansk og sør-koreansk overfall.

USA stør terror

Åtaket mot Syria avdekker at heller ikkje under Trump har USA som mål å knuse IS. Shayrat har vore ein spydspiss i Syria sin kamp mot IS. Øydelegginga av basen – og kan hende ein femtedel av det syriske flyvåpenet – er sjølvsagt med på å styrke IS.

Bolivia i FN sitt tryggingsråd: – Medan vi i denne salen har bede om uavhengig gransking, har USA utnemnd seg sjølv til granskar, til påtalemakt og domar!Åtaket kjem på eit tidspunkt der dei vestlege allierte freistar å dela opp Syria, tvinga Russland og deira marinebase ut av regionen og førebu seg til oppgjeret med Iran. USA syner fram musklane sine og syter for at dei europeiske allierte blir banka på plass. I all denne verksemda for destabilisering av regionen, tyr imperialistane til kva middel det skal vere.

Vi får sjå meir til dette på G7-møtet i Italia, der stormaktene har sytt for å gje spesialinvitasjon til sine utvalde støttespelarar i regionen: Saudi-Arabia, Dei sameinte emiratene, Qatar og Tyrkia. Desse diktaturstatane står bak kvar sine terrororganisasjonar som spreier liding og katastrofe i Syria og nabolandet Irak.

Nei til krig mot Syria!

Ein kan lett bli forvirra av alle skiftingane og manøvrane i den imperialistiske leiren. Kortsiktige og ustabile alliansar er eit kjenneteikn ved imperialismen, der alle røvarane er ute etter å sikra seg nye marknader og territorium på kostnad av rivalane. Det er dette som ligg bakom alle krigsførebuingane som vert freista kamuflert som «forsvarstiltak» og «naudsynt inngripen», stett oftare òg i namnet til «verdssamfunnet» og «menneskeætta».

Det som går føre seg er eit stormaktsspel for oppdeling av Midtausten, eit spel der folket er taparane medan stormaktene styrker sine posisjonar. Det er stor fare for ei opptrapping og nye åtak. I forkant av utanriksminister Rex Tillerson sitt besøk til Moskva for å legga meir press på Russland, sa president Vladmir Putin at russisk etterretning hadde informasjon om at det var planlagd nye provokasjonar der kjemiske stridsmiddel er involvert, og at den syriske regjeringa vil bli stempla som den skuldige. Påstanden er truverdig, sjølv om stormakta Russland heller ikkje er nokon novise når det gjeld propaganda og desinformasjon.

Folkeleg protest og motstand kan stogga aggressorane, slik vi greidde det i 2013 då USA og Frankrike ville gå til krig i «humanismens namn». Løgnene om masseøydeleggingsvåpen brukt som påskot for krig har vi høyrt mange gonger før. Det var som kjend ei slik løgn som låg bakom krigen mot Irak i 2003. «Omsut for sivile» vart tilsvarande nytta som påskot då Libya vart bomba av Noreg og Nato i 2011. I eit femtitall amerikanske byar gjekk folk ut på gatene i protest. Det same har skjedd mange stader i Europa. Folk vil ikkje lenger la seg dupera av imperialistanes løgnaktige kynisme som trugar heile verda med krig og katastrofe.

Dei krigsgalne politikarane og storkonserna som dei lograr for, må stoggast! Det gjeld i høgste grad òg for dei amerikanske nikkedokkene som kallar seg for ei norsk regjering. Noreg har allereie militærstøvlar på bakken i Syria som driv trening av terroristar. Desse soldatane har vore på feil stad og i kriminell verksemd lenge nok. Få dei heim!

Fleire kjelder: