Leigehær for USA med lidingar for det syriske folket som resultat.

Folkets forsvarseenheter (YPG) i kamp mot Nusrafronten i Ras al-Ayn. Foto fra Wikipedia.Folkets forsvarseenheter (YPG) i kamp mot Nusrafronten i Ras al-Ayn. Foto fra Wikipedia.Noreg si rolle i Syria-krigen vil gå frå politisk støttespelar for å få til regimeskifte i Syria, til ei aktiv, om enn lita, militær rolle.

Seinhaustes 2015 ba USA og Frankrike om norske militære bidrag til den USA-leia militære koalisjonen som kjempar mot den sokalla islamske staten (IS) i Syria. Høgre og Arbeidarpartiet var (sjølvsagt) positive til dette, men det var utbreidd skepsis mot norsk deltaking i Syriakrigen innan embetsverket, i ulike fagmiljø og i Forsvaret, noko som førte til omfattande tautrekking og langdryg sakshandsaming av spørsmålet.

Nytt oppdrag frå USA

Tidleg i mai gjekk Solberg-regjeringa ut med at Noreg skulle senda ein styrke på omlag 60 soldatar til Jordan for å trena, rådgje og gje operativ støtte til lokale syriske grupper som kjempar mot IS. Det viktigaste elementet vil her vera spesialsoldatar frå Forsvarets spesialjegerkommando (FSK) og frå Marinejegerkommandoen (MJK), men det framgår av Forsvarsdepartementet si utsegn om «behov for øket situasjonsforståelse i området» at dette òg vil vera soldatar frå Etterretningstenesta. Sjølv om desse soldatane stasjonerast i Jordan vil operasjonsområdet deira, og til dei ulike syriske gruppene dei skal trena og rådgje, vera Syria. Regjeringa gjekk samstundes ut med at om «operasjonskonseptet utviklast» kan dei norske soldatane bli sette inn i Syria.

Vel ein månad etter dette framlegget frå regjeringa vart det som venta godkjent i Stortinget mot røystene til Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Regimeskifte med kular og krut

Dette tyder at Noreg si rolle i Syria-krigen vil gå frå politisk støttespelar for å få til regimeskifte i Syria, gjennom mellom anna omfattande bruk av oljepengar til ulike humanitære prosjekt og finansiering av ulike syriske opposisjonsgrupper, til og ei aktiv, om enn lita, militær rolle.

Noreg deltok som ein av initiativtakarane, saman med Storbritanna, Tyskland, Kuwait og FN, i konferansen Supporting Syria and the Region i London i februar i år, kor m. a. ulike prosjekt for å byggja opp att ein ny siviladministrasjon og infrastruktur i Syria vart diskutert. Statsminister Solberg annonserte der at Noreg vil løyva 10 milliardar kroner over fire år til dette føremålet.

I strid med folkeretten

Syria er eit sjølvstendig land og er medlem av Dei sameinte nasjonane (FN). Etter FN-pakta er det berre FN sitt tryggingsråd som kan vedta militære tiltak mot ein medlemsstat, og noko slikt vedtak er ikkje fatta. Syria har heller ikkje sjølv bede om militær bistand frå Noreg.

Det syriske utanriksdepartementet har derimot teke avstand frå norsk militær innblanding og uttalt at dette vil innebera ei uakseptabel innblanding i den syriske staten sine indre anliggende og at det vil vera eit flagrant brot på sjølvstyre, tryggleik og stabilitet i landet.

Den norske regjeringa har freista koma denne kritikken i forkjøpet ved å syna til ein resolusjon frå FN sitt tryggingsråd som vart vedteke som eit svar på terroråtaka i Frankrike, Tyrkia og Tunisia i fjor, og som rettar seg mot terrorhandlingar utførte av IS, Nusrafronten (som no har skifta namn for å gjera seg meir appetittlege), al-Qaida og andre terroristgrupper.

Denne resolusjonen opnar ikkje for utanlandsk militær intervensjon eller innblanding i Syria eller i noko anna land, men understrekar det naudsynte i respekt for suvereniteten, territorielle integriteten, uavhengigheita og einskapen til alle statar i tråd med prinsippa i FN-charteret.

Regjeringa sitt vedtak om norsk militær innsats i Syria manglar slik den legitimiteten som regjeringa freistar dekka seg bak, og er i strid med folkeretten.

Motstand i Forsvaret

Det er stor motstand i Forsvaret mot norsk krigsdeltaking i Syria. Motstanden er samansett, frå oppfatninga av at norske soldatar bør opphalda seg i og øve i Noreg, til at det er feilaktig og risikabelt å blanda seg inn i Syria-krigen.

Nokre offiserar har òg ope teke til motmæle mot at norske soldatar skal sendast til Jordan som base for vidare innsats inne i Syria. Oberstløytnant Tormod Heier ved Forsvarets stabsskule kalte vedtaket om norsk militær deltaking i Syria «naivt, amatørmessig og risikabelt» i eit intervju med Aftenposten. Han argumenterte med at dei norske instruktørane vil trena grupper som ein ikkje veit kven er, som er kjenneteikna av stadig vekslande lojalitet etter kven som betalar best og som kan vera i eller gå over til IS. Han sa vidare at utanlandsk militær intervensjon vil fremja ei undertrykkjande samfunnsutvikling i Syria og at det vil eskalera valden og lidingane for dei sivile.

Pensjonert flaggkommandør Jacob Børresen uttala at det bak vedtaket om å senda soldatar til Jordan og Syria ligg «manglende selvstendige analyser» og at man «går på autopilot i forhold til ønsker fra USA.»

Stoltenberg møter «moderate» fascister

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg var raskt ute med å erklære støtte til Tyrkias president Tayyip Erdogan etter kuppforsøket, og gir Tyrkia full støtte til den ulovlige intervensjonen i Syria.

NATOs fremste representant nøyde seg ikke med å treffe presidenten og hans AK-parti. Han møtte også lederne i det tradisjonelle fascistpartiet MHP, som er enda mer ekstreme fiender av den kurdiske opposisjonen enn AKP. Regelmessig omgang med fascister har etterhvert blitt hverdagskost for Stoltenberg.

Uviss effekt av opplæringa

Effekten av den militære opplæringa som skal gis er følgeleg, og sett med militære auge, høgst uviss. Her kan nemnast erfaringar gjort av USA som i 2014 vedtok å trena 5000 lokale soldatar for å delta i kampen mot IS.

USA nytta 500 millionar dollar på denne opplæringa, men i 2015 vedgjekk kommandanten i US Central Command, general Lloyd Austin, at talet på soldatar dei hadde trent opp var «fire eller fem».

Det er døme på at soldatar trena opp av den USA-leia koalisjonen har gått rett over til IS, og Pentagon uttalte i september 2015 at ei gruppe soldatar trena av USA har overlevert våpen og utstyr til Nusrafronten, som er ein avleggjar av al-Qaida, angjeveleg for å få fritt leide.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide uttalte då også til VG at: «Vi har ingen endelig garanti for hva gruppene vi skal være med å trene opp vil gjøre».

Auka terrortrussel mot Noreg

Norske styresmakter har gjennom mange år nytta særs mykje tid og ressursar på «kampen mot terror». Det burde no vera heva over tvil at den største einskildfaktoren som kan føra til islamistisk terror her i landet er den stadige norske militære innblandinga i islamske land, som i Afghanistan, Libya, Irak og no snart Syria.

Den USA-leia koalisjonen mot terror i Irak og Syria har eit minst like klårt mål om å fjerna Assad-regimet. Dette gjeld i særleg grad for USA sine viktigaste støttespelarar i området, Tyrkia og Saudi- Arabia, som gjennom dekke av krig mot IS fremjar eigne regionale interesser mot kurderane og i Yemen, og som opprettar soner under eigen kontroll inne i Syria.

Noreg var under Stoltenberg-regjeringa sterkt delaktig i øydelegginga av Libya, og det ser ut som regjeringa Solberg er innstilt på å fylgja i dei same spora når det gjeld Syria.