«Arbeideravisa»Allereie meir enn eit halvt tiår har det nordlege Kaukasus vore ein flammande arnestad for samanstøytar mellom ulike grupper russisk storkapital for kontroll over ulike råstoffkjelder, hovudsakeleg olje og oljetransport.

Kvar av desse gruppene er tett bunde saman med tilsvarande grupper internasjonal storkapital representert ved transnasjonale føretak. Desse samanstøytane er særleg sterke på territoria åt den tsjetsjenske republikken og dei tilgrensande områda til denne. Den russiske hæren og etterretningstenesta representerer ei av desse sidene i dei nemnde samanstøytane, samanstøytar som for lengst har gått over i krig. Tsjetsjenske geriljakrigarar representerer den andre sida i denne konflikten. Båe sidene er i røynda berre bønder i dei rivaliserande kapitalgruppene sitt sjakkspel. Offisiell propaganda frå det styrande russiske borgarskapet rettferdiggjer dei føderale styrkene sitt nærvér i Tsjetsjenia og Nord-Kaukasus med at dei kjempar ein krig mot internasjonal terrorisme. Det er verdt å leggja merke til at også imperialist-USA rettferdiggjer dei aggressive handlingane sine i Irak og i andre delar av verda med krigen mot terrorisme. Slik som der amerikanske styrker «kjempar mot terrorismen» som der dei russiske føderale styresmakter gjer det same, blir vanlege folk skyteskive for dette ? til sist også russiske statsborgarar. Slik kan ein altså seia at dei føderale styresmaktene fører krig mot eige folk.

Me skal stogga ved ein av episodene som fann stad i republikken Ingusjetia for litt over eitt år sidan, men som kor som er ikkje har vorte mindre aktuell av den grunn.

Strategisk plassering.Natta til 25. mars 2004 slappa ei gruppe ungdomar frå landsbyen Ordzjonikidzevska av rundt bålet på ei glenne ikkje langt frå landsbyen. Ljoden frå eit helikopter skapte inga uro hjå ungdomane. Alle er vande med at hæren sine helikopter flyg over området i låg høgd, natt som dag der. At helikopteret skulle opna ild mot ungdomane, kunne ikkje falla dei inn. Som resultat av skytinga døydde ein av dei eldre av ungdomane, den tjue år gamle Khamkhojev. Fetrane Khasjaguljgov på femten og seksten år byrja springa og tok dekning i ein kjøkenhage like ved. Men helikopterpiloten tok også igjen desse med ilden sin. Trass i at fetrane hoppa inn i eit hus like ved, heldt piloten fram med ilden mot ungdomane utan å tenkja på at det kan henda kunne vera andre menneske enn dei i huset. Berre ei jente klarte å gøyma seg etter at ho sprang til ein nærliggjande bekk og forsvann ut av piloten sitt åsyn. Litt seinare døydde ein av dei skadde fetrane på sjukehuset.

Einviset var fullstendig. Ingen fekk nokon form for straff for å ha drepe og skada ungdomane. Det herskande russiske borgarskapet i lag med militaristane skapar eit inntrykk av at det ikkje er noko sérskild som går føre seg i Ingusjetia. Dei same folka freistar med alle krefter å skjula brotsverka sine, som det den 25. mars 2004.
[...]

Til alle desse døma er det mogeleg å leggja til ei heil rad brotsverk som er utført av den russiske krigsmaskina i Nord-Kaukasus. Ein kan jo byrja med den stadige barbariske bombinga av den tsjetsjenske hovudstaden Groznyj som har leidd til tusenvis av dødsofre av alle nasjonalitetar. Slik held russiske spesialstyrker også på i Ingusjetia i dag; dei kidnappar og tek livet av uskuldige, fredelege innbyggjarar medan dei leitar etter «tsjetsjenske og ingusjetiske geriljasoldatar». På same viset held ein på i gatene i russiske byar; einkvar tilsett i politiet ser på seg sjølv  som ein som har rett til å stogga ein kva som helst forbipasserande som har eit «kaukasisk andlete». Alle Putins talar om «lova sitt diktatur»* leiar til slutt ut i eit forsvar av eit diktatur styrt av kapitalismen sine lover, lover som tryggar den sterke sin rett til å herska over den svake. Om desse omstenda ikkje blir avslørt i dei sentrale delane av Russland, vil resultata syna seg sterkast i Nord-Kaukasus.

Liknande hendingar vekkjer ålmen uro i Ingusjetia. Kor som er held massane seg frå opne masseaksjonar. [...] Men ikkje alle innbyggjarane i republikken teier. 29. mars 2004 freista ei gruppe på kring 200 studentar uventa å ta seg inn i bygningen som huser den lokale presidentadministrasjonen. «Lov og orden» måtte rettast opp att frå styresmaktene si side. Hjelp frå Innanriksministeriet vart tilkalla. Studentane kravde eit møte med republikkpresidenten for at han skulle klargjera for dei når lovlausa i Ingusjetia skal ta slutt. Andre krav enn dette hadde ikkje studentane. Nokre lågareståande funksjonærar gjekk ut for å møta ei lita gruppe av studentane.

Medan studentane prata med funksjonærane, trengte politiet seg fram med godkjenning frå styresmaktene. Spesialstyrker vart tilkalla. Studentane var omringa. For å fjerna dei frå byen vart det gjort klart bussar med spesialutstyr for å ta hand om arrestantar. Då gruppa med studentar som hadde prata med funksjonærane gjekk ut att for å fortelja meddemonstrantane kva dei hadde blitt fortald, byrja dei på nytt krevja å få snakka med presidenten sjølv. Men no byrja attopprettinga av «lov og orden». Ein byrja nytta makt mot studentane. Dei vart slegne med politikøller, tvungne inn i bussar og frakta vekk. Fleire studentar vart pågripne av «ordensmakta». Mange av deltakarane i demonstrasjonen vart etter kvart også jaga ut av universitetet -- ikkje gjennom utkasting, men ved å bli innkalla til militærteneste.

Massemedia både i Ingusjetia og andre stadar innanfor Den russiske føderasjonen omgår glatt slike hendingar ved å teia. Berre seg i mellom vart folk flest klare over kva som hadde gått føre seg. [...] Slike døme syner også at ein ikkje kan forventa nokon hjelp gjennom lovverk og rettsapparat i slike saker. For å kunne avslutta makthavarane sin despotisme og vilkårlege handsaming av opposisjonelle og for å tryggja seg sjølv, er det naudsynt å føra kampen mot det kapitalistiske systemet og dei økonomiske lovene som finst under dette systemet, ikkje mot andre nasjonar og folk.

Omsett for Revolusjon og lett nedkorta av jeskre

*) Eit hyppig nytta uttrykk av Vladimir Putin og russiske styresmakter for å prova andsynes Vesten at Russland er eit borgarleg demokrati og rettsstat etter vestleg modell, trass i alle påstandane frå Vesten om at Russland under Putin eigentleg er eit diktatur (merknad av omsetjar).